Strålande opning av Kabuso

Tusenårsstaden i Hordaland, Kunsthuset Kabuso i Øystese, fekk ei strålande opning laurdag 21. januar med vellukka opningskonsertar og ei dristig valt måleriutstilling. Ein bunadskledd forsvarsminister, Anne-Grete Strøm-Erichsen, slo fast at med nasjonalr

Monumentalbygg
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg trekte trådane tilbake til 1998 då Hardanger vart valt som tusenårsstad i Hordaland og det vart vedteke å byggja kunst- og kultursenter i Øystese.
 – Me måtte gå ein del rundar før byggjearbeida kunne setjast i gang. Etter godt og konstruktivt samarbeid mellom fleire partar, kan me no ta i bruk eit flott kunsthus. Dette er det første monumentalbygget Hordaland fylkeskommune har reist, og kanskje det vert det einaste, sa fylkesordføraren.

Hardanger museum
Fylkesordføraren takka alle som har gjort sitt til at tusenårsstaden har vorte realisert til ei flott kunsthus. Ho overleverte ansvaret for Kabuso til styreleiaren for Hardanger museum, Lars Ragnvald Djupevåg.
 Fylkeskommunen eig kunsthuset, men Hardanger museum skal stå for drifta.

Opningsframsyninga i Kabuso fekk stor applaus.Nasjonalromantikk
I opningstalen sin trekte forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen  trådane attende til kunsten, nasjonalromantikken og nasjonsbygginga på 1800-talet.  Hardanger var  biletgjeringa av nasjonalromantikken og hadde ein sentral plass i utviklinga på slutten av 1800-talet og fram til unionsoppløysinga i 1905.
 Forsvarsministeren trekte linene tilbake til dei store kunstnarane i nasjonalromantikken og fram til hardingane Geirr Tveit og Olav H. Hauge.
 Statsråden sa seg imponert over eit nydeleg hus og ein flott konsertsal.

… ikkje kjensle av Øystese…..
Ei anna som let seg imponere over den nye konsertsalen, var øystesejenta Hilde Marie Vestrheim.
 Eg har ikkje kjensle av å vera i Øystese når eg står her. På ein positiv måte altså, sa songartisten då ho stod på den nye scena i heimbygda – tydeleg stolt – under opningskonserten.
 Saman med gitarist Stig Sandbekk serverte  Vestrheim to flotte sjølvlaga melodiar, Holy water og Beautiful houses.

Gå til foto frå Vestrheim sitt konsertinnslag.

Frode Grytten framførde sine eigen tekst Blond akkompagnert av Knut Vaage.Flotte konsertar
Opningskonserten, først med framføring for nærare 150 inviterte gjester og så som open publikumsførestilling, hadde eit flott program med stor spennvidde.
 Etter at Geir Botnen hadde opna med Geirr Tveit sin melodi «Ver no velkomne med æra», kom det eine gode innslaget etter det andre. Forfattaren Frode Grytten las sin eigen tekst – Blond – om Marilyn Monroe og Hardanger, akkompagnert av Knut Vaage.
 Henning Kraggerud på fiolin framførte romantisk Ole Bull-musikk. Med felespelar Knut Hamre hadde han også eit humoristisk samspel der fiolin og fele kappast om å låta best.

Urframføringar
Ei jazzgruppe frå Griegakademiet urframførte mellom anna «Øystese». Ei anna urframføring var tingingsverket «Gjenta som vart prinsesse» av Eilert Tøsse basert på ein springar frå Steinsdalen i Kvam. Den flotte framføringa var det Trio i ein Fjord, Reidun Horvei (song), Knut Hamre (fele) og Geir Botnen (piano) som stod for.

Kvam kulturskule
Fire innslag ved elevar ved Kvam kulturskule viste at det er rikeleg med rekruttering innan song, musikk og dans i Kvam. Folkedans til musikk frå hardingfeler, var song av Anne Marie Skeie til tonefølgje av Ingve Kjosås på piano, rå Gary Moore-blues av gutegjengen i kulturskulen sitt bluesband og frisk jazzdans av jentegjengen Sissy Strut – viste at det vert arbeidd godt i Kvam kulturskule.

Dristig utstilling
Til den første utstillinga hadde Kabuso valt målaren Eilif Amundsen frå Bergen. Utstillinga hans talde 52 bilete og er eit samarbeid mellom Kabuso og Bergen kunstmuseum.
 Direktør Audun Echoff ved Bergen kunstmuseum rosa Kabuso-leiinga for å ha valt Amundsen som utstillar. Med tanke på at nasjonalromantikken var grunnlag for val av tusenårsstaden, ville det kanskje vore meir nærliggjande å valt ei utstilling med dette temaet, påpeika han.
 Amundsen er den viktigaste nolevande målaren frå Vestlandet,  de har gjort eit godt og dristig val, var Echoff si helsing til Kabuso.
 Kunstnaren sjølv sa at han hadde vore skeptisk til utstillingslokalet. Men eg er vorten omvend, sa Amundsen ved opninga av utstilling.

Middag på Sandven
For dei inviterte gjestene  var det etter opningsførestillinga middag på Sandven hotell i Norheimsund. Der stod det i hovudsak hardangermat på menyen.
 Ved middagen var det ei rekkje talar, overrekking av gåver og kunstnarleg innslag.

Overraskande
Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, helsa på vegner av Hardangerrådet.  Ho sa mellom anna at det ikkje var overraskande at Hardanger vart valt som tusenårsstad i Hordaland. Derimot var det overraskande at den vart lagt til Kvam.

Harding Puls
Solfrid Aksnes frå Harding Puls ynskte Kabuso velkomen og lukke til, og overrekte ei samling bøker utgjevne av medlemer i Harding Puls.

13 millionar
Ordførar Astrid Farestveit Selsvold i Kvam sa seg glad for det fine kunsthuset som er reist i kommunen. Eg har ikkje med meg noka gåve her i dag, for heradet si gåve er alt på plass og den har vorte dyr – nærmar seg 13 millionar kroner. Med det sikta ho til midlane Kvam herad har gått inn med, 7,75 mill. kr til sjølve bygningen pluss kostnader til tomt og tilrettelegging.

Fløytespelar
Arild Berge frå Øystese grendalag og Kjell Reidar  Hus frå Kvam kulturminnelag helsa og overrekte gåve frå dei to laga. Gåva var skulpturen «Fløytespelar» laga av Øystein Laupsa.

Benk og måleri
Osterøy-ordførar Kari Foseid Aakre overrekte ein benk, som skal byggjast ved Djupevåg Båtbyggjeri. Frå fylkeskommunen overrekte fylkesordførar Selsvold Nyborg biletet «Vår 2004» av Eilif Amundsen, eitt av dei 52 bileta på opningsutstillinga.

Andre opningsførestillingar
Første opne førestilling for publikum i Kabuso var familiekonsert med Cusan Tân laurdag 21. januar.  Hordaland folkeblad omtalar konserten som «Walisisk «eldkyss»», og skriv at det vart eit nært, temperamentsfullt og folkeleg møte med den walisiske songkulturen. Publikum var nøgde og artistane sa i følgje Hordaland folkeblad at det var ei fantastisk oppleving å spela i det flotte bygget.

Søndag var det konsertføredrag – «Hardanger – midt i Griegs liv» – ved Geir Botnen og Erling Dahl jr. Også denne framsyninga får rosande omtale i lokalavisa.

Tekst og foto: Stanley Hauge 24.01.2006 14:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart