
Dei tre statsrådane kom til Hordaland for å lytte, knytte kontaktar og få innspel: Fornyingsminister Heidi Grande Røys (f.v.), kulturminister Trond Giske, fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (vert) og kommunalminister Åslaug Haga. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
10. og 11. januar reiser statsrådane Noreg rundt, og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske, kommunal- og regionalminister Åslaug Haga, og fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys vitja Hordaland og Sogn og Fjordane.
Hordaland fylkeskommune var vert for statsrådane under eit møte i kulturhuset Georgernes Verft.
Største eksportfylke
Fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen sa han var glad for å ønskje ministrane velkomne til det største eksportfylket i landet.
- Dei viktigaste næringane vi skal leve av i åra frametter her i landet, finn vi i vårt område. For å vidareutvikle desse, vil eg særleg peike på behovet for at Regjeringa støttar etablering av eit såkalla «Center of Expertice» knytt til undervassteknologimiljøet med utgangspunkt i Ågotnes Næringspark på Sotra. I Bergensområdet har vi i dag eit næringsmiljø som er verdsleiande på dette feltet. Dersom vi skal utvikle denne næringa vidare, må Regjeringa støtte opp når ordninga med «Centers of Expertice» blir lyst ut. Eg vil også peike på behovet for større fridom til å kunne disponere regionale utviklingsmidlar i tråd med våre behov lokalt, slik at vi kan nå Regjeringa si målsetjing om å auke verdiskapinga på grunnlag av regionale fortrinn.
Nye regionar
Fungerande fylkesordførar understreka vidare at Hordaland fylkeskommune ønskjer å bli ein aktiv medspelar når nye regionar skal dannast. Han ba og om meir midlar til å gjennomføre museumsreforma, der det ikkje er nok driftsmidlar i åra framover, og at Lost Weekend-festivalen diverre ikkje fekk statlege midlar grunna for sein søknad.
- Eg vil oppfordra kulturministeren til å vurdere om det er muleg å prioritere løyving til festivalen, sa fungerande fylkesordførar Nilsen.
Kulturminister Trond Giske skrytte over kulturhuset på Verftet.
- Det er eit glimrande resultat over korleis kultur kan erstatte gamle arbeidsplassar. Kultur er ein stor og veksande næring.
Ville ha mat frå Voss
Statsråden var og imponert over maten som vart servert. Statsrådane hadde bede spesielt om å få mat frå Voss, og ordførar Bjørn Christensen frå Voss tala varmt om den gode maten som er lansert under namnet "Vossameny". Trond Giske sa at det er viktig å byggje opp lokale mattradisjonar som merkevare i tida framover. Han sa og at statsrådane gjennomfører Noregsturen for å lytte, knytte kontakt og få innspel slik at dei kan styre landet på beste måte.

Prosjektleiar Torunn Løne Vinje (t.v.) og ordførar Bjørn Christensen (t.h.) fortalde dei tre statsrådane om korleis dei skal merkevarebyggje mat frå Voss. Dei to kokkene demonstrerte kvaliteten med å servere kaldrøykt aure frå Oppheimsvatnet, fylt lammeside frå Brandseth fjellstove og heimelaga is av Vossakvann under namnet Angelica.