Det nye kuldelaboratoriet til 1,5 millionar kroner vart opna ved Bergen maritime videregående skole torsdag 19. januar. Tidlegare har skulen hatt kuldelaboratorium på området til Høgskolen i Bergen, men no er eit oppgradert laboratorium fysisk integrert p

Rektor Bjørn Kristian Jæger klipper snora for det nye kuldelaboratoriet ved Bergen maritime videregående skole til 1,5 millionar kroner.
Éin av tre skular i landet
Rektor Bjørn Kristian Jæger sa at det er berre tre vidaregåande skular i landet som har tilbod til kuldemontørar på vidaregåande kurs 1.
- Det nye anlegget er tidsmessig og muliggjer ei effektiv opplæring tilpassa behovet både til klassen og den enkelte elev. Prosjektet har inngått som ein del av undervisingsopplegget for kuldemontørane, som ved eineståande eigeninnsats, under kyndig leiing av faglærar Atle Abrahamsen, har fullført prosjektet innanfor budsjetterte kostnader og tidsrammer, seier rektor Jæger.
Reduserte driftsutgifter
Det nye kuldelaboratoriet reduserer driftsutgiftene ved skulen med 30.000 kroner året og legg til rette for betre tilpassa opplæring i kuldefaget.
Ope hus
Opninga av kuldelaboratoriet var lagt til det tradisjonelle ”opne huset” der skulen marknadsfører tilbod på vidaregåande og teknisk fagskule. Skuledagen var forskyvd til klokka 11.30 til 19.00. Elevar i 10. klasse og elevar på grunnkurs i fylket var spesielt inviterte, i tillegg til at skulen var open for alle interesserte.
- Vi kunne glede oss over stor pågang både frå dei spesielt inviterte elevane og alle andre utover ettermiddagen, seier rektor Bjørn Kristian Jæger som takka faglærar Atle Abrahamsen og tillitsvalde i klassen, Hans Søderberg, med gåver for vel gjennomført arbeid.

Rektor Bjørn Kristian Jæger takka faglærar Atle Abrahamsen (t.h.) og tillitsvald i klassen, Hans Søderberg (t.v.), for vel utført arbeid.