Fin markering
Mange hundre frammøtte ved bomstasjonen på Flatøy skapte og fekk oppleva ei enkel og fin markering av at det et slutt på bompengar over Nordhordlandsbrua.
Mellom dei frammøtte var mellom anna noverande og tidlegare ordførarar frå Nordhordlandskommunane, noverande og tidlegare stortingsrepresentantar frå distriktet.
Meland musikklag sytte for musikk. Mange av dei frammøtte stilte med flagg, veteranbilar var på plass for å køyra over brua gratis så snart det skjedde. Nokre bilar var utstyrte med små og store norske flagg på stenger som var påmonterte særskilt for dette høvet.
Ordførarar takka
Ved sida av fylkesordføraren takka også leiar av regionrådet, Masfjordordførar Håkon Matre, og Melandsorfører Solbjørg Åmdal Sandvik, trafikkantar og andre for innsatsen med å realisera og nedbetala Nordhordlandsbrua.
Ordførar sa at av dei som hadde vore motstandarar av brua før ho vart bygd, var det neppe mange att – no har snart alle sett den store nytten me har av brua.
Fyrverkeri
Som avslutning var det fyrverkeri ute på brua. I tillegg til dei mange som hadde samla seg på Flatøy, stod mange langs vegen mellom Flatøy og Frekhaug, i Knarvikområdet og på sørsida for å få med seg fyrverkeriet.
Ein milepel
– Då Kong Harald 22. september 1994 opna Nordhordlandsbrua, var det ein milepel i norsk vegbygging — og for Nordhordland, fylket vårt og Vestlandet var det eit stort samferdselsmessig framsteg, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg i talen sin. Og ho heldt fram:
Framsynte
Etter at framsynte og entusiastiske folk i 1962 hadde starta arbeidet og prosessen med å få bygd bru over Salhusfjorden, tok det meir enn tre tiår med ein solid porsjon tolmod i sekken før brua var på plass.
Skeptikarar, brumotstandarar og sentrale styresmakter måtte overtydast før det mest trafikkerte ferjesambandet i landet kunne avløysast med bru.
Nesten 50 år med bompengar
Nordhordland var tidleg ute med dugnadsinnsats til vegbygging i form av bompengar. Alversundbrua var det første prosjektet Nordhordlandskommunane solidarisk stod saman om å finansiere med bompengar. Etter at denne brua var nedbetalt i 1968, heldt innkrevjing fram med førehandsbompengar til Nordhordlandsbrua – eller Salhusbrua som var namnet den gongen. Etter nesten 26 år med førehandsbompengar vart flytebrua opna. Og i dag – etter nesten 50 år med samanhengande bompengebetaling – er Nordhordlandsbrua nedbetalt. Om nokre minuttar vert det gratis å passera brua.
Over 33 millionar køyretøy
Sidan opninga hausten 1994 har ca. 33,3 millionar køyretøy passert bomstasjonane her på Flatøy. 1 239 millionar kroner har vorte teke inn i bompengar ved buene her. I førehandsbompengar i perioden 1969-94 kom det inn 135 mill. kr.
«Salhus-Flatøy bruer»
Trekantsambandet i Sunnhordland er eit velkjent prosjekt i andre enden av Hordaland. Men på ein dag som denne finn eg grunn til å trekkja fram at også Nordhordlandsbrua er ein del av eit trekantsamband.
Då dette store bruprosjektet vart arbeidd fram, heitte det «Salhus-Flatøy bruer». Det skulle ikkje berre gje ferjefritt samband mellom Nordhordland og Bergen, men også binda Meland kommune saman internt og med resten av Nordhordland. Såleis er Krossnessundbrua mot Frekhaug (opna 1977) og Hagelsundbrua mot Knarvik (opna 1982) to delar av det same prosjektet.
Godt føredøme
Den samarbeidsånd nordhordlandskommunane har vist med desse prosjekta, synest eg er eit svært godt føredøme for andre og for framtidige prosjekt det er behov for i denne delen av fylket.
Glede og takk
I dag skal me gle oss over at brua er nedbetalt.
Takk til alle trafikkantane som har brukt og betalt brua!
Takk til HSD Sjø og deira personale som har stått for innkrevinga av bompengane!
Bruk brua … og bussen
— Lukke til med den vidare bruken av brua!
— Bruk bilen når du må, men vurder om du av til kan la den stå og reis heller kollektivt med buss! Reiser du dagleg eller ofte er Miljøkortet med 40 % rabatt på periodekort for reisande over brua eit glimrande og svært rimeleg alternativ! avslutta fylkesordføraren.
