Nedgang i arbeidsløysa og auka etterspurnad etter arbeidskraft. Samla kan det verta nærare 6000 nye arbeidsplassar i Hordaland i 2006. Verksemdene aukar investeringane, 70 % av dei ventar auka omsetnad og 60 % reknar med sterk auke i lønsemda. Dette er no
Arbeidsløysa i Hordaland er på veg nedover. Saman med auka etterspurnad etter arbeidskraft vil det føra til ein strammare arbeidsmarknad i 2006. Veksten i sysselsetjing er særleg venta å koma innan bygg og anlegg, varehandel, forretningsmessig tenesteyting og hotell og restaurant. I kommunane er det ikkje venta særleg auka i sysselsetjinga. Heller ikkje eksportnæringane reknar med vekst.
Her finn du fleire meldingar om næringsbarometeret:
Næringsbarometeret nr. 1/2006: Opp til 6000 fleire arbeidsplassar
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg: Dristige initiativ – morgondagens suksessar
Stort frammøte

Frammøtet var stort då Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane vart presentert i Grand selskapslokale i Bergen 18. januar. Ved bordet frå venstre: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, fylkesarbeidssjef Tommy Johansen og administrerande direktør i Sparebanken Vest – Stein Klakegg.
Samarbeidsprosjekt
Næringsbarometer er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike fagområde i Sogn og Fjordane og Hordaland, med formål å kartleggje næringsutviklinga i dei to fylka. Følgjande aktørar står bak Næringsbarometeret: Aetat, Innovasjon Norge, NHO, Sparebanken Vest, Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Barometeret er utarbeidd i samarbeid med Asplan Viak.