Måleriutstilling
Målaren Eilif Amundsen kjem frå Bergen med om lag 50 måleri, der vestlandslyset har ein sentral tematisk plass. Motiva hans er ofte henta frå dei nære omgjevnadene i dagleglivet, med dempa fargar og klare koloristiske verdiar.
Han seier sjølv: ”Det er vel litt både drøm og virkelighet i bildene mine. Men helhet er der. Dels formal – for elementene glir sammen til en malerisk enhet, tror jeg…” Utstillinga er eit samarbeid med Bergen Kunstmuseum, og vert verande i Kabuso fram til 2. april.
Tusenårsstaden i Hordaland, kunsthuset Kabuso, ligg sentralt plassert i Øystese sentrum. Her eit bilete frå byggjearbeidet i 2005. (Foto: Bjørn Vangen.)
Opningsførestilling
I konsertsalen vil nokre av våre fremste kunstnarar i opningsførestellinga gje til beste sitt bidrag til Kabuso. Me nemner: Henning Kraggerud, fiolin, Trio i ein fjord, (Geir Botnen, Knut Hamre og Reidun Horvei) og jazzlina på Griegakademiet. Frode Grytten og Knut Vaage. Øystesejenta Heidi Marie Vestrheim syng eigne songar i eiga bygd, og Kvam kulturskule skal visa at det spirer og gror i rekkjene.
Opningsførestellinga går to gonger i løpet av laurdagen. Kl. 14 for dei inviterte gjestene og media, og kl. 19.30 for publikum.
Familievenleg konsert
Frå fylkeskonsertane kjem det norsk/walisiske prosjektet ”Cusan Tân”, som gjennom song og dans opnar døra inn til det walisiske songskattkammeret. Dette er ein familievenleg konsert laurdag ettermiddag. (Start kl. 16.30 laurdag 21. januar.)
Foredrag og konsert
Konsertsalen i Kabuso har allereie fått ord på seg for å vera ein framifrå kammermusikksal, og Geir Botnen på klaver og Erling Dahl jr. vil søndag runda av helga med «Hardanger – midt i Griegs liv», eit foredrag og ein konsert spunne rundt Edvard Grieg og Hardanger. (Start kl. 14.00 søndag 22. januar.)
Forsvarsministeren opnar Kabuso
Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen skal utføra den offisielle opninga under opningsførestillinga laurdag 21. januar.
Fylkeskommunen eig kunsthuset, Hardanger museum skal driva det
Hordaland fylkeskommune er byggherre og eig Kunsthuset Kabuso, men kunsthuset skal drivast som ein del av Hardanger Museum. Knut Markhus er fagleg leiar for senteret.
Eigedomsseksjonen i fylkeskommunen ved seniorarkitekt Harald Lyssand har vore prosjektleiar for utbygginga. Ved opningsmarkeringa vil eigedomssjef Helge Haavardtun overlevera bygningen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
35 mill. kr
Kostnadsramma for tusenårsstaden er på 35 mill. kr, og fordeler seg med 17,25 mill. kr på Hordaland fylkeskommunen, 10 mill. kr i tilskot frå staten og 7,75 mill. kr frå Kvam herad.
Fagleg leiar Knut Markhus (t.v.) og prosjektleiar Harald Lyssand i konsertsalen som har plass til 144 personar. Akustikken i salen skal vera veleigna for akustisk musikk. (Foto: Oddvar Soldal.)
Meir om Tusenårsstaden i Hordaland, lenkjer til internettoppslag:
Nettsider Tusenårsstaden
Utviklinga av byggjeprosjektet
Program ved opninga 21. januar
Annonse om opningsførestillingar