Hardangerbru-ja – stor inspirasjon for utviklinga i indre Hordaland

— Eg er svært glad for at medlemene i transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget på møte i Eidfjord 25. januar, slo fast at no kjem Hardangerbrua. Etter dei positive utsegnene på Eidfjord-møtet vil det ikkje overraska meg om det kjem ei samrøystes

Hardangerbrua vil vera eit krafttak og eit verktøy til vekst for dei indre delane av Hordaland. Etter den lange kampen for brua, er denne positive avklåringa ein stor inspirasjon i arbeidet med å styrkja utviklinga i denne

Slik skal Hardangerbrua sjå ut når den står ferdig i 2010

viktige delen av fylket, seier fylkesordføraren.

Når Stortinget no seier ja til brua innan ein månads tid, slepp me heldigvis tiårsjubileum for nei-vedtaket i 1996. Etter det vedtaket tok fylkestinget straks fatt på arbeidet for ny handsaming og ja til brua.
 Tre dagar etter Stortinget sa nei, vedtok fylkestinget 13. juni 1996 at dei ikkje ville godta at Hardangerbrua vart skrinlagt. Dette vedtaket var starten på det langvarige og omfattande arbeidet som deretter er gjort av kommunane som soknar til Hardangerbrua, næringslivet, Hordaland fylkeskommune og andre samarbeidspartar, påpeikar fylkesordføraren. Og legg til: – Det er dette store lokale og regionale engasjementet som no gjev resultat.

Stanley Hauge 26.01.2006 11:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart