Fylkesvaraordføraren møtte Årstad-elevar

BA-oppslaget om «Skoleopprør mot manglende undervisning» inneheld enkelte feil og forenklingar, og gjev eit noko meir spissa bilete av situasjonen, enn det vi gav uttrykk for til avisa. Dette sa elevane då dei møtte fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen møtte onsdag 25. januar Årstad-eleveane som har uttrykt misnøye over mangelfull undervisning i hausthalvåret 2005.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen møtte onsdag 25. januar Årstad-eleveane som har uttrykt misnøye over mangelfull undervisning i hausthalvåret 2005.

Misnøya
I møtet, som fylkesvaraordføraren hadde teke initiativet til, fortalde elevane ved vidaregåande kurs I for servitørar at det først og fremst er undervisninga og episodar frå hausthalvåret 2005, som ligg til grunn for misnøya deira.  Elevane opplever dette skulehalvåret som bortimot bortkasta.

Kontrakt
Etter møta som fylkesvaraordføraren saman med opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld hadde med elevar,  rektor og avdelingsleiar for avdeling service var det semje om at klassen i løpet av ei veke skal formulera kva ynskje og behov dei ser må til for at dei skal få god nok undervisning i vårhalvåret.   Dette skal vera innspel til ein kontrakt mellom skulen og klassen om opplegget for resten av skuleåret.

Betre no
Elevane  sa undervisninga no fungerer bra, men at dei føler dei alt har tapt så mykje at det er problematisk å ta det att dette skuleåret.

Lytta og stilte krav
Fylkesvaraordføraren lytta nøye til elevane sine synspunkt, og lova at forhold og hendingar som har vore kritikkverdige skal ordnast opp i. Men han hadde tre klare krav til elevane: 1) De skal møta fram i rett tid 2) det skal vera undervisningsro i klassen 3) De skal utføra oppgåvene dykkar – men dei pålegg de får skal også vera innan gjeldande reglar.

Rektor før avisa
Rektor Inger Mortensen Morken sa klårt frå til elevane at ho syntest dei skulle teke problema opp med henne som rektor før dei gjekk til avisa.

Stanley Hauge 25.01.2006 15:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart