Folk har auka toleransegrense for russen

- Eg er oppteken av det klimaskiftet vi har sett rundt russefeiringa dei siste åra. Det verkar som om folk flest har fått ei auka toleransegrense for russen. Det er ei gledeleg utvikling, og noko som var utenkjeleg berre for nokre få år sidan, seier Willy

Samla til møte om russefeiringa, frå venstre: rektor Willy Jan Lønne, Ruben Kvam, Elevorganisasjonen i Hordaland, rektorane Randi Wennemo og Marit Tokheim, Siw Wolfe, russestyret, politiførstebetjent Wenche Bauge Helle, Anders Bjelkerøy, russestyret, Sondre Rasch, russepresident, Heidi Follevåg, Opplæringsdirketøren og Arne Aasev fylkessekretær i Trygg Trafikk
Samla til møte om russefeiringa, frå venstre: rektor Willy Jan Lønne, Ruben Kvam, Elevorganisasjonen i Hordaland, rektorane Randi Wennemo og Marit Tokheim, Siw Wolfe, russestyret, politiførstebetjent Wenche Bauge Helle, Anders Bjelkerøy, russestyret, Sondre Rasch, russepresident, Heidi Follevåg, Opplæringsdirektøren og Arne Aase, fylkessekretær i Trygg Trafikk. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Tryggleik kring arrangementa, ryddig økonomi og forbod mot sal på skulane er viktige arbeidsoppgåver for gruppa. Russeguiden held fram, og det gjer også dei lokale avtalene mellom skulane og dei einskilde russestyra.

Frå fylket si side er det Heidi Follevåg som er ansvarleg på vegnar av Opplæringsdirektøren.

- I alt har vi om lag 3000 russ i Hordaland i 2006. Frå vår side er det sers viktig å vise omtanke og interesse for det som skjer rundt feiringa, seier Follevåg.

Det vert i år løyvd nesten 250.000 kroner, mesteparten går til russeguiden som alle årets russ får, og til andre førebyggjande tiltak. Russen tek av i festantrekk 2.mai, og slepp å tenkje på det meste av det som heiter standpunktprøver og liknande fram til 17.mai. Så er det jamt stogg.

Aksjon for trafikkskadde

Årets russepresident heiter Sondre Rasch og går på Fana gymnas. Med seg i styret har han mellom anna Siw Wolfe Thomassen, Lønborg, som er festarrangør og økonomisjef Anders Bjelkerøy frå Slåtthaug. Med på møtet var også Ruben Kvam frå Elevorganisasjonen i Hordaland. Russestyret har alt bestemt seg for kven dei vil tilgodesjå med inntektene av årets humanitære aksjon, som går føre seg torsdag 27.april frå kl 1200.

- Vi synest det er heilt naturleg å støtte det arbeidet Landsforeningen for trafikkskadde gjer, og vonar at det ikke vert behov for midler til nokre av årets russ. Eg veit at rektorane også meiner dette er ein god idé frå vår side. Sjølvsagt skal vi feste, men vi skal øydeleggje mindre. Vi skal alle ha glede av feiringa. Det gjer vi med å tenkje på kvarandre. Vi er mellom anna sterkt opptekne av å førebyggje risikoen for smittsam hjernehinnebetennelse, som det tidlegare har vore døme på, seier Sondre Rasch.

Og når sevja stig, har russepresidenten svaret og ansvaret klart. - Då praktiserer vi det nye slagordet til presidenten, russ 20nullseks, ler Sondre Rasch.

Arne Aase, fylkessekretær i Trygg Trafikk, Hordaland, er svært glad for avgjersla i russestyret om å støtte arbeidet blant trafikkskadde.

- Det set vi stor pris på og ser fram til å samarbeide med årets russekull. Eg kan ikkje hugse alvorlege ulukker med russen dei siste 15 åra. Den statistikken skal vi halde ved lag, sa Aase, som minte russen om kor viktig det er å kontakte dei lokale Trafikkstasjonane for kontroll av russebilane. - Spør alltid etter tilstandsrapport ved kjøp, formante han.

- Hugs også å ta test av bilane og køyr forsiktig. Vi i politiet er til for di skuld. Vi søkjer samarbeid og ingen uheldige konfrontasjonar. Vi ønskjer ingen av årets russ i registra våre, sa førstebetjent Wenche Bauge Helle, som også var til stades på møtet og understreka kor viktig det er å halde i lag i alle situasjonar.

Tormod Valaker 25.01.2006 14:43
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart