Etne: Liten skule, store planar

Vesle Etne vidaregåande skule er på offensiven og skal snart bli større, om ikkje så veldig stor. - Vi gler oss til å setja i gang med Kunnskapsløftet, men ser mange fordelar, ikkje minst for elevane, med den skulestorleiken vi har her i Etne, fortel læra

Midt i Etne sentrum heldt Etne vidaregåande skule Opent Hus i forrige veke. Nett attmed klasserommet til 2mk står Per Ung sin stolte skulptur frå 1986 av kong Magnus Erlingsson, sonen til Erling Skakke, som hadde gard på Støle, rett ovanfor Etne sentrum.

- Då eg var ferdig med utdanninga, søkte eg jobb i Hordaland fylke. Eg fekk napp her inne, men var så dårleg kjend i Sunnhordland at eg trudde eg hadde blitt tilsett i Utne, ler kunsthistorikaren Beate Hope, kontaktlærar for medium og kommunikasjon. I Utne fann ho ikkje vidaregåande skule, det gjorde ho i Etne, der dei har studieretningar for Mekaniske fag, Formgjeving og Medium og kommunikasjon. Frå hausten vert tilbodet utvida.

På 2mk har dei laga ein sprelsk filmsnutt for ungdomsskuleelevane på vitjing. - Vi har godt utstyr for redigering, avansert fotoutstyr, og lyd og bilete-redigering. Eg skulle eigentleg ta til på Mekanisk, men valde denne linja fordi dei nyttar mykje data. Eg er også veldig interessert i foto. Medium og kommunikasjon er eit godt tilbod for meg, seier Tommy Rasmussen frå Skånevik.

- Vi tilbyr ungdomsskuleelevane Vg1 Design og handverk. Faget kjem til å fungera som en brei portal til design og handverk og ein relevant del av ei fagutdanning. Vi er godt utstyrt med keramikkomn og tekstilutstyr. Frå neste haust kjem vi med eit tilbod på Vg2 i Interiør og utstillingsdesign, fortel Monica Rønnestad. Sjølv pendlar trebarnsmora frå Haugesund til Etne kvar dag.

 - Trygt og utfordrande nettverk
- Det er blitt ein vane. Første året eg jobba her, skulle alle elevane ut frå bygda og langt vekk til større stader og gå på skule og bu på hybel. Det gjorde godt å møta dei att då dei etter ei veke kom tuslande tilbake. Det nettverket dei har her, er vel så trygt og utfordrande, seier Monica Rønnestad.

- Men vert det ikkje vanskeleg å konkurrera med den vidaragåande skulen i Ølen, berre ti minutt herifrå?

- Ikkje for design og handverk, i alle fall. Der er vi nesten åleine i regionen om å tilby vidareutdanning, berre Fitjar har det same. Vi tolkar også signala slik at skulen skal satsast på i framtida, og det meiner vi sjølvsagt er riktig. Etne er eit livskraftig sentrum med eit stort oppland rundt, og elevane likar seg, seier faglæraren i kunst og handverk.

- Det ser vi også. Bygda er stor nok til at vi opplever ting som unge flest blir utsette for. Vi også har ungdomar med sosio-emosjonelle vanskar og med generelle lærevanskar, det er det ingen grunn til å nekta for. Men eg er glad for at ungane mine har fått vakse opp i denne bygda, seier OT/PPT-koordinator Kirsten Helnes Andreasen.

- Eg veit også at det friviljuge, idealistiske organisasjonsarbeidet som vert gjort her i bygda, har mykje å seia for trivnaden blant dei unge, seier ho.

Blinkskot i fleng
I Etne er det ei rad spanande tilbod, som du må lenger enn til ein middelstor norsk by for å få vera med på. Kulturlokomotivet Etne, dei kallar seg det, har berre dei siste åra bydd på Briskeby, Magnet, Bertine Zetlitz, konsertar og fleire stand-up komikarar. Kvart år et det Etne-marknad, og annakvart år er det endå meir oppstyr når lokale krefter set opp kongespelet "Sogespelet" av Sunnhordlands-forfattaren Johannes Heggland første helga i august. Det var her kultfilmen "United" vart spelt inn med mange lokale aktørar. Det er blinkskot i fleng i Etne.

Her er idrett, turn, ridning og fotball og eit tett-innpå-miljø. - Vi unge trivst her. Vi er nær på kvarandre, og det er greit i Etne, seier 15 år gamle Miriam Sævareid. Ho går siste året på ungdomsskulen. Til hausten skal ho gå design og handverk.

Håvard Østrem, Jone Haaland og Svein Nervik er alle tiendeklassingar i år. Alle tre har bestemt seg for å bli i bygda til hausten.

- Vi satsar på Mekaniske fag. Eg likar meg på gravemaskina og har hatt nokre heimeprøver heime. Målet er å bli anleggsmaskinførar. Det er tøft å vera i Etne, og det er veldig greit at vi har eit vidaregåande tilbod, seier dei. Jone trur det vert jobb å få når han er ferdig utdanna bilmekanikar, og også Håvard planlegg å dra til Os for å ta seg fram på anleggsmaskinførarutdanninga.

Sandra Svendsen skal bli frisør. - Eg skal først gå eit år på design og handverk før eg går vidare. Nærmiljøet er godt, og då passar det å bu heime, seier ho.

- Noko av det beste med denne skulen, er at vi er rimeleg få. Vi får vera med og bestemme, og kan velja mykje meir sjølv kva vi vil gjera, seier Hege Kringebotn på grunnkurset i forming.

Til venstre Beate Hope, kontaktlærar på medium og kommunikasjon. Faget er i kraftig vekst, og medium og kommunikasjon vert både ein praktisk og ein teoretisk del av det nye programfaget. Grunnleggjande i hovudområdet er kommunikasjonsmetodar og forteljarteknikkar, som kan brukast i formidling av bodskapar i mange medium retta mot ulike målgrupper.

Formgjevingsavdelinga førebur seg på Åpent hus i Etne.

Båe foto: Lene Hjelmtveit, elev på VKI Medium og kommunikasjon

Tekst: Tormod Valaker 26.01.2006 10:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart