Dristige initiativ – morgondagens suksessar

– Det viktig å støtta nye initiativ, dristig nytenking og seriøse våghalsar i arbeidet vårt med næringsutvikling. Det er blant desse vi skal finne morgondagens suksessar! sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho innleia presentasjonen av Næringsbaro

Sats på dei dristige, dei skal skapa framtidas suksessar, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ved presentasjonen av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane.Eksportfylke
Hordaland og Sogn og Fjordane bidreg solid til verdiskaping og eksport i Noreg. Kvar femte eksportkrone skriv seg frå desse to fylka. Og Vestlendingen er både arbeidsam og skapande.

«Derfor har vi eit svært godt grunnlag for å realisere målet i den nye fylkesplanen om at Hordaland skal vere mellom dei mest innovative regionane i Europa!» sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Nye verksemder skal skapa
Fylkesordføraren heldt fram: «Mange av dei nye verksemdene som skal skape framtida vår er ikkje eingong etablert enno. Derfor er det viktig å støtte nye initiativ, dristig nytenking og seriøse våghalsar i vårt arbeid med næringsutvikling. Det er blant desse vi skal finne morgondagens suksessar!

Av den grunn utfordrar eg oss alle til å våge meir, satse friskare, vere dristigare – og leite etter dei såkorna som skal skape morgondagens verdiskaping og arbeidsplassar i vår region.»

Nye oppdrettsartar
Fylkesordføraren trekte fram satsinga på nye artar innan oppdrett i Hordaland er eit godt døme.

I dag er ein fjerdedel av sysselsettinga innan oppdrett knytt til arbeidet med nettopp nye artar – trass i at produksjonen av nye artar utgjer mindre enn 1%  av samla oppdrettsproduksjon.

Oppdrett av nye artar er framleis i ein startfase. Det krev mykje folk, det krev pengar og det krev kunnskap. Vågar vi ikkje satse dristig på dette feltet no, får vi heller ingen suksessar i framtida.

Tar temperaturen
Næringsbarometeret tar temperaturen på næringslivet i dag. Eg skulle gjerne sett at vi framover også fordjupar oss meir i å finne svar på kva krefter og føresetnader som er særleg viktige for at vår region også i framtida skal vere blant dei fremste næringsregionane i Europa, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Dei gode hovuda
Mange hevdar at det er konkurransen om dei gode hjernane som er mest avgjerande. Først kjem dei gode hovuda – så kjem næringsutviklinga, hevdar m.a. Victor Norman. Altså: Dyktige folk skaper nye arbeidsplassar.

Eg trur det er mykje sant i dette. Dette utfordrar oss til å skape endå meir attraktive byar og lokalsamfunn - som verkeleg trekkjer til seg dei dyktige folka. Det betyr også satsing på god barnehagedekning, godt skuletilbod og eit mangfaldig kulturliv.

CO2-senter på Mongstad
Eg var inne på at vi må vi våge å satse på nye dristige idear og prosjekt. Tenk på kva eit framtidig CO2-senter på Mongstad kan bety for regionen vår!

Det vil kunne bli eit nytt industrieventyr, og gjere oss til eit kraftsenter for ny teknologiutvikling og innovasjon.

Eg er lei av å lese om gassrør og gass-satsingar i andre deler av landet. No vil eg at vi skal markere oss som gassregion nr. 1! Var sluttoppfordringa til fylkesordføraren ved presentasjonen av næringsbarometeret.


Omtale av næringsbarometeret nr. 1-2006.

Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane 1-2006 (pdf)


 

Stanley Hauge 18.01.2006 15:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart