Ber departementet forsera hevinga av U-864

Hordaland fylkesutval ber om at Fiskeri- og kystdepartementet umiddelbart vurderer situasjonen med sikte på å forsera arbeidet med å fjerna kvikksølvet i ubåtvraket (U-864) ved Fedje. Alt kvikksølvet må bort frå havbotnen – raskt, og for alltid!, heiter d

Fråsegna lyder:
«U-864 – fortgang i oppryddingsarbeidet!
Fylkesutvalet har merka seg at Kystverket no legg opp til å utgreia situasjonen og dei aktuelle tiltaka vidare i 2006, slik at det ikkje er aktuelt å iverksetja oppryddingstiltak før tidlegast i 2007.

Fylkesutvalet er svært uroa over at sjølve oppryddinga no ser ut til å dra ut i tid. Alvoret i situasjonen både når det gjeld den konkrete forureininga og forureiningsfaren frå kvikksølvlasta er så stort at fylkesutvalet er svært lite til freds med at dei konkrete oppryddingstiltaka ikkje vert sette i verk før tidlegast i 2007.

Det er umogleg utan vidare å akseptera at styresmaktene, med den høgt utvikla undervassteknologien og kunnskapen om operasjonar på havbotnen nasjonen i dag rår over, ikkje kjem i gang med oppryddingstiltaka før tidlegast i 2007.

Saka er viktig og alvorleg for lokalsamfunnet Fedje, men den er minst like viktig og alvorleg for fiskeri- og sjøfartsnasjonen Noreg og den tiltrua  som eit reint norsk miljø og rein norsk sjømat er avhengig av i det internasjonale samfunnet.

Fylkesutvalet vil be om at Fiskeri- og kystdepartementet umiddelbart vurderer situasjonen med sikte på å forsera arbeidet med å fjerna kvikksølvet.

Alt kvikksølvet må bort frå havbotnen – raskt, og for alltid!»

Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet

Stanley Hauge 26.01.2006 17:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart