Samferdselsutvalet understrekar at det ikkje er nok pengar innanfor ordninga med belønningsmidlar i høve til dei transportpolitiske utfordringane som Bergensrådet står overfor. I takt med stadig sterkare integrasjon av kringliggande kommunar og område, med tilhøyrande trafikkvekst i og til/frå desse områda, vil det for framtida vere naudsynt å leggje større vekt på tiltak i desse områda.
Samferdselsdepartementet har bede Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune i samarbeid om å sende lokal søknad om belønningsmidlar. Totalt er det sett av 150 millionar kroner for heile landet i år. I fjor fekk Hordaland fylkeskommune to millionar kroner, mens Bergen fekk 25 millionar.
Samfersdselsutvalet går inn for å søkje om 11,65 millionar kroner til desse åtte tiltaka:
Frekvensruter (Knarvik og Straume) 2,5 millionar, miljøkort over Nordhordlandsbrua 1,5 millionar, auka tilbod med direktebussar Nordhordland-Bergen 1,2 millionar, informasjons- og pr-kampanje "Styrking av kollektivtrafikken" 400 000 kroner, Klauvaneset (forbetring av kollektivknutepunkt) 1,5 millionar, Storavatnet (forbetring av kollektivknutepunkt) 50 000 kroner, Knarrevik (forbetring av kollektivknutepunkt) ein million og 3,5 millionar kroner til takstfrys av kollektivsatsane i Hordaland.
Endeleg vedtak skjer i fylkesutvalet torsdag 26. januar.