Toppidrettsgymnas i Hordaland

Opplærings- og helseutvalet i Hordaland går inn for at det blir oppretta tilbod innan toppidrett ved Voss og Åsane gymnas. Voss gymnas skal satse på toppidrett innan vinteridrettar, mens Åsane gymnas får sommaridrettar. Planen er at dette skal kome i gang

Utvalet ber fylkesutvalet setje av ekstra pengar til dette frå skulestart til hausten. Voss gymnas har teke kontakt med fylkesrådmannen for å få eit toppidrettstilbod innan vinteridrett på Voss. Dette tilbodet blir ei utviding av det idrettsfaglege tilbodet som finst på Voss i dag. Olympiatoppen Vest-Norge har og vendt seg til fylkesrådmannen om å få eit toppidrettstilbod til dei beste og mest talentfulle idrettsutøvarane i Hordaland. Om Voss får vinteridrettar, kan Åsane få idrettsgrupper som fotball, handball, uthaldenheitsidrettar som til dømes sykling og symjing, og tekniske idrettar som til dømes friidrett og kampsport. Det bør og gjevast tilbod til utøvarar innan ulike handikapidrettar

Saka blir avgjort av fylkesutvalet 23. februar.

Bjarte Brask Eriksen 11.02.2006 10:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart