Solid overskot i fylkesrekneskapen for 2005

Hordaland fylkeskommune sin rekneskap for 2005 er gjort opp med overskot på 65,6 mill. kr. Den gode økonomiske utviklinga frå 2004 då fylkeskommunen, etter mange år med underskot, fekk overskot på 11,6 mill. kr, held dermed fram.

Det solide overskotet i 2005-rekneskapen kjem fram etter at underskotet på 44,9 mill. kr frå 2003 er dekka inn, 43,4 mill. kr er overført til disposisjonsfond og 31,9 mill. kr er brukt til investeringstiltak.

Inntektspluss og god økonomistyring
— Det gode resultatet skuldast større inntekter enn budsjettert, svært god budsjettdisiplin og økonomistyring i alle sektorar i fylkeskommunen. Eg vil gje honnør til medarbeidarane i heile organisasjonen vår for innsatsen som ligg til grunn for dette flotte resultatet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Alle sektorar har halde budsjetta, samstundes som skatteinntekter og rammeoverføringar vert 28 mill. kr høgare enn budsjettert.

Fond og investeringstiltak
Av den samla avsetjing til disposisjonsfond i 2005 utgjer 28 mill. kr overskot ved vidaregåande skular. Desse overskota får skulane overført til bruk i år og evt. seinare.

Av dei 31,9 mill. kr som er brukt til investeringar gjeld ca. 16,5 mill. kr tilskot til Hardangerbrua.

Stanley Hauge 09.02.2006 10:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart