Samanslåing av vidaregåande skular

Med sju mot seks røyster går opplærings- og helseutvalet i Hordaland inn for å slå saman vidaregåande skular i Arna og på Stord. Ein samarbeidsavtale er mot to røyster tilrådd ved dei tre sentrumsskulane i Bergen og samrøystes går utvalet inn for ikkje å

Med ei røysts overvekt går utvalet inn for å slå saman Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule frå 1. august i år og Stord yrkesskule og tekniske fagskule og Stord vidaregåande skule frå 1. januar neste år. I tilrådinga heiter det at dei to skulane startar omgåande eit fellesprosjekt der siktemålet er eit tett og forpliktande administrativt og pedagogisk samarbeid som skal munne ut i ein samanslått skule frå 1. januar 2007.  Slik samanslåing vil medføre ei innsparing av kostnader på totalt to million kroner. Halvparten av innsparinga vil skulane sjølve få disponere. Den andre halvparten blir inndregen. Dei som røysta for forslaget var H, Frp og KrF, mens A, Sp, SV og RV røysta mot.

Os
Utvalet var derimot samrøystes samde om at restrukturering av skulane i Os ikkje blir sett i verk. Innsparingskrav på ein million kroner blir dermed ikkje innløyst. I sakstilfanget skriv fylkesrådmannen at det ikkje er føremålstenleg med samanslåing av Os gymnas og Os vidaregåande skule, fordi dei er svært ulike, det er for lang avstand og få naturlege pedagogiske samarbeidsområde.

Kong Oscarsgate
Mot to røyster (SV og RV) går utvalet inn for at dei tre skulane i Kong Oscarsgate i Bergen sentrum inngår ein samarbeidsavtale frå 1. august i år. Dette gjeld Bergen katedralskole, Bergen handelsgymnasium og Tanks videregående skole. Når ei samanslåing av desse skulane ikkje er ønskjeleg, vil ei forpliktande samarbeidsavtale vere den beste løysinga, skriv fylkesrådmannen i sakstilfanget. Samarbeidet går ut på administrativt samarbeid mellom skulane, felles fagval, felles IT-systemansvarlege og sambruk av lærarpersonell. Dei tre skulane har fått eit innsparingskrav på ein million kroner pr. år, men utvalet tilrår at berre halvparten av innsparingskravet blir trekt inn i budsjettet for 2006. Tiltaka i avtalen skal evaluerast etter neste skuleår og skal danne grunnlag for kor mykje som skal trekkast inn i budsjettet for 2007.

Liv Oda Dale sette fram protokollmerknad på vegner av A, SV, SP:
”Vi tek avstand frå tanken om at det er det økonomiske omsynet som skal vege tyngst i denne saka. Pedagogiske omsyn og eit godt og tilpassa undervisningsopplegg for den enkelte elev er viktigare for oss enn dei antatte innsparingane som ligg i saka.
Det kan verte aktuelt med ei samlokalisering av dei vidaregåande skulane i Arna og på Stord på sikt. Slik situasjonen er no må skulane få tid til å arbeide vidare for å finne tenlege samarbeidsløysingar fram til det er gjort bygningsmessige tiltak som gjer samanslåing meir aktuelt.”

Saka går vidare til fylkesutvalet 23. februar og blir endeleg vedteken i fylkestinget 14. mars.

Bjarte Brask Eriksen 10.02.2006 16:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart