Opplærings- og helseutvalet i Hordaland går inn for å byggje ny vidaregåande skule på Osterøy. Framdrift for bygginga skal takast standpunkt til i budsjett- og plansamanheng.
I dag har ikkje skulen tilfredsstillande lokale i leigt hus, og det er starta ein lokal dugnad i form av ein komité som har lagt fram skisse til ny skule basert på 203 elevar basert på vedtatte struktur for skulen. Brutto areal for skulen er på 4.600 kvadratmeter, og ein lokal entreprenør har gjeve kostnadsoverslag på 54 millionar kroner pluss moms. Med basis i dette har eigedomsseksjonen i Hordaland fylkeskommune rekna ut total prosjektkostnad til 82,5 millionar kroner.
I sakstilfanget skriv fylkesrådmannen at skulen ikkje kan halde fram i noverande lokale særleg lenge. Gjeldande leigeavtale går ut i 2010, og målet bør vere at nybygget står klart til då.
Saka går vidare til fylkesutvalet 23. februar og blir endeleg vedteken i fylkestinget 14. mars.
Bjarte Brask Eriksen 12.02.2006 10:00