Av fagopplæringssjef Ole G. Fredheim,
Opplæringsavdelinga, Hordaland fylkeskommune
Bergens Tidende har måndag 13.02 2006 eit oppslag vedrørande tilbodet for lærlingar i Hordaland fylke, "Kaos på lærlinglister". Saka er også gitt kommentarplass under den uvanleg lite dekkjande tittelen "Det fisefine samfunn".
…vil bli betre
Det er eit mål for Hordaland fylkeskommune at så mange som mogeleg skal få ein god og høveleg læreplass. Mykje fungerer godt, men vi vil gjerne bli betre. Vi er inne i ein periode då ungdomskulla aukar, og dette set eit ekstra press på talet på tilgjengelege læreplassar.
Stor auke i formidlingar
I 2005 hadde Hordaland fylke ein auke på om lag 18 prosent formidlingar. Talet på elevar som fekk læreplass gjennom det fylkeskommunale formidlingssystemet, var det høgaste sidan Reform 94 vart innført. Formidlingsarbeidet var - og er - basert på innhenta intensjonsavtalar mellom fylkeskommunen og aktuelle bedrifter.
Få melder frå
I Hordaland finst det om lag 2200 godkjente lærebedrifter og 3500 lærekontraktar til eikvar tid. Om lag 60 prosent av lærekontraktane er etablerte gjennom opplæringskontor, som er organ for bedrifter som samarbeider om opplæring for lærlingar. Dersom ei bedrift ikkje har hatt lærlingar på to år, skal ho søkje om ny godkjenning. Fagopplæringskontoret skal også ha melding dersom verksemda vert lagt ned, går konkurs eller av ymse grunnar ikkje lenger skal ta imot lærlingar. Det skjer diverre nesten aldri.
Tett samarbeid med bedriftene
Fagopplæringssystemet er tufta på eit tett samarbeid mellom fylkeskommunen og aktuelle lærlingebedrifter. Fylkeskommunen har såleis ikkje noko instruksjonsmynde overfor bedriftene. Skal systemet fungere, må begge partar bidra på ulike måtar frå kvar sin kant. Når somme godkjende lærebedrifter ikkje bryr seg med å svare på førespurnader frå Fagopplæringskontoret t.d. vedrørande ev lærlingeinntak, sviktar ein av føresetnadene for eit vel fungerande formidlingssytem.
To brev – ikkje tilstekkeleg…..
Dei fleste fylkeskommunane legg ut alle sine godkjente lærebedrifter på nettet - utan mogelegheit til å reservere seg. Dette er også den lista som søkjarane til læreplass må søkje etter. Når vi her i Hordaland gjennom to brev har gitt bedriftene mogelegheit til å reservere seg, hadde vi vona at dette var tilstrekkeleg.
Dialog for sikrare lister
Vi ser dei svake sidene ved det aktuelle listesystemet og vil gå i dialog med dei aktuelle partane i arbeidslivet om moglege betringar. Vi vil også i framtida presisere på internett og i infoskriv til søkjarane at lista over moglege lærebedrifter kan innehalde feil, og at dei straks må gi beskjed til Fagopplæringskontoret dersom dei oppdagar slike.