Første toppidrettslinjer i offentleg skule
Hordaland fylkesutval vedtok 23. februar samrøystes å oppretta toppidrettslinjer ved Voss gymnas og Åsane gymnas frå komande haust (2006). Voss gymnas skal gje tilbod innan vinteridrettar, medan Åsane gymnas får sommaridrettar. Denne toppidrettssatsinga skjer i samarbeid mellom fylkeskommunen og Olympiatoppen Vest-Norge.
Dei to toppidrettslinjene vert dei første i offentleg regi i Noreg.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og idrettsjef Roger Gjelsvik i Olympiatoppen Vest-Norge jublar begge over at det vert toppidrettslinjer ved Åsane gymnas og Voss gymnas frå hausten 2006. Gjelsvik overrekte fylkesordføraren Olympiatoppen si T-skjorte.
Vinteridrettar ved Voss gymnas
Toppidrettslinja ved Voss gymnas vert eit tilbod inn idrettsfag retta mot vinteridrettane. Dette tilbodet vert ei utviding av tilbodet som finst ved Voss gymnas i dag.
Sommaridrettar ved Åsane gymnas
Ved Åsane gymnas vert det oppretta studiespesialiserande utdanning med toppidrett med tilbod innan sommaridrettar. Døme på aktuelle idrettar er fotball, handball, kondisjonsidrettar som symjing, sykling, lengre løp, tekniske idrettar som friidrett og kampsport, og handicapidrettar.
45 plassar
Det vert i alt 45 plassar ved dei to toppidrettslinjene. Ved Åsane gymnas skal det takast inn 30 elevar og ved Voss 15. Fullt utbygd som treårig tilbod (i 2008) vil det vera 135 elevplassar ved toppidrettslinjene.
Kostnader
Tilbodet i toppidrett vil årleg kosta ca. 1,35 mill. kr meir pr. klasse enn tilsvarande vanlege klassar, fordelt med 1 mill. kr ved Åsane gymnas og 0,35 mill. kr ved Voss gymnas. Med klassar på alle dei tre klassetrinna i vidaregåande vert årleg meirkostnad for fylkeskommune ca. 4 mill. kr.
Samarbeid fylkeskommune – Olympiatoppen
Det vert eit nært samarbeid mellom Olympiatoppen Vest-Norge og Hordaland fylkeskommune om toppidrettslinjene. Idretten skal tilsetja og kosta ein koordinator, og skal stå for tilsetjing og kursing av trenarar.
Inntaket av elevar skal skje i nært samarbeid med Olympiatoppen. Ved opptak vert det teke omsyn til resultat, talent og prestasjonar i tillegg til karakterar.
Utfyller dagens idrettsfag
Generell idrettsutdanning vert i dag gjeven ved ei rekkje vidaregåande skular i Hordaland, og tilbodet om toppidrettslinjer kjem i tillegg til dette.
Hordaland fylkeskommune har i dag idrettslinje ved fem skular: U. Pihl videregående skole, Sotra vidaregåande skule avd. Sund, Voss gymnas, Stord vidaregåande skule og Odda vidaregåande skule. I tillegg er det vedteke å starte opp med idrettsfag ved Stend jordbruksskule hausten 2006. Alle desse skulane tilbyr generell idrettsutdanning utan satsing på toppidrett. I tillegg har Arna gymnas tilbod om allmenne fag med fotball, handball eller symjing som tilleggsfag. Ungdom som ønskjer det, kan også gå på Fotballakademiet som tilbyr fotball som fordjuping ved følgjande seks skolar: Arna gymnas, Fyllingsdalen videregående skole, Knarvik vidaregåande skule, Os gymnas, Sandsli videregående skole og Åsane gymnas.
Pressmelding andre saker i fylkesutvalet 23. februar 2006