Fylkesordføraren og Fedje-ordførar Erling Walderhaug hadde tysdag 14. februar møte med Fiskeri- og kystdepartementet ved ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig og avdelingsdirektør Willy Grepstad.
Treng meir kunnskap
Departementet opplyste at det trengst meir kunnskap om vraket, slik at ein kan vera heilt trygg på at det får ei forsvarleg behandling når fjernings- og sikringsarbeidet vert sett i gang. Kystverket har av den grunn søkt om å få 31 mill. kr til rådvelde til vidare førebuingsarbeid i år. Frå Hordaland si side vart det vektlagt at kvikksølvet må takast opp og handterast forsvarleg på land.
Prosjektgruppe
I det vidare arbeidet skal det setjast ned ei prosjektgruppe. Fedje kommune har bede om å få med ein representant i gruppa, og dette kravet støttar me i fylkeskommunen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Tettare kommunikasjon
Fiskeri- og kystdepartementet vil gje melding til Kystdirektoratet om å ha ein tettare kommunikasjon og dialog med fylkeskommunen i arbeidet framover. – På det viset vil me kunne følgja betre med i det som skjer i prosessen og få direkte informasjon om framdrifta, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Også gravminne
Ubåtvraket ved Fedje er også eit gravminne, der det i tillegg til tyske omkomne også er to omkomne japanarar. Departementet har hatt kontakt med den britiske og tyske ambassaden om saka, og har møtt stor forståing for problemstillingane. Også den japanske ambassaden vil verta kontakta.
Sjå også: Fylkesordføraren møter Fisker- og kystderpartementet