Elevar får skryt for å ha laga reklamefilm

Avgangsklassen i media og kommunikasjon ved Årstad videregående skole har laga reklamefilm som skal profilere Hordaland fylkeskommune sitt skoletilbod. Filmen blir vist på kinoane i Hordaland i heile februar månad. Opplæringsdirektøren skryt av skolen og

Reklamefilmen er laga i to versjonar. Kan ta nokre sekund å laste, alt etter kor rask tilkopling du har.

Sjå del 1

Sjå del 2

- Grafisk Team fekk oppdraget med å lage reklamefilm og postkort. Dei ville ha elevar med på å lage film og postkort.

- I filmen møter vi ungdomsskoleelevar som svarar på spørsmålet "ka vil du bli?"

- Reklamefilmen skal vise ungdomsskoleelevar i Hordaland kva utdanningsval dei har i sitt eige fylke, og profilere nettstaden www.vilbli.no. Nettstaden har informasjon  om vidareregåande utdanning, og vidaregåande skolar i heile landet.

Reklamefilmen skal visast på alle kinoar i Hordaland i heile februar. Den blir også vist i foajéen på Bergen kino.

Elevar i 10. klasse og deira føresette har også fått tilsendt eit postkort med spørsmålet "søkje vgs?" På postkortet er det vist til nettstaden www.vilbli.no.

Les kva BA skriv om elevane i media og kommunikasjon som har laga reklamefilmen

Plakat om søk vidaregåande skular i Hordaland
Plakat om søk vidaregåande skular i Hordaland
Plakat om søk vidaregåande skular i Hordaland
Plakat om søk vidaregåande skular i Hordaland

To av elevane i den same klassen er og i ferd med å lage prosjektfilmen "Utvist" der dei har kapra Helge Jordal til ei rolle i filmen.

- Ja, di e' grådig go'e, seier den garva skodespelaren med eit tvetydig flir til Bergens Tidende.

Les kva Bergens Tidende skriv om dei flinke elevane og filmen dei er i ferd med å lage.

13.02.2006 09:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart