
Elevane ved Øystese gymnas frå venstre: Eirik Fosse, Synnøve Botnen og Monica Rogdaberg. Lærarane: Leiv Sandven og Marit Martinsen.
På landsbasis er prosentdelen sluttarar 12,5, det vil seie at kvar åttande elev bryt det ordinære skoleløpet. Det skjer berre ikkje på Nedre Vik 85 i Øystese. Dei einaste som slutta i fjor, var fire minoritetsspråklege elevar då flyktningemottaket i bygda vart lagt ned.
Meistring av fråfall
- Det er rett, og vi er sers nøgde med tala. Meistring av fråfall er eit viktig satsingsområde hos oss. Dei tre siste åra har vi ikkje hatt ein einaste elev som har slutta i skuleåret, fortel Ingebjørg Bakke, rektor på andre året og tilsett på skolen frå 1992.
- Men kva gjer de? Kjeppjagar de ungdomane tilbake til skolestova?
- Sei gjerne det. Vi følgjer dei opp, og dei får ikkje fred. Men det gjer også at dei føler at vi bryr oss om dei. Vi er nok litt styrande, men vi er ikkje kontrollerande. Vi freistar rett og slett å vera litt godhjarta kjeftakjerringar, ler rektor i olabukse, med open dør og gladlått i gangane. Det er berre gymnasnamnet som får ein til å tenkje på meir eksklusive skoleår og å minnast lektorar med korrekte slipsknuter.
Øystese gymnas starta med kontaktlærarsystemet fleire år før det vart ein ressurs på skjema av det i 2001.
- Vi såg at det var eit behov for nærare kontakt mellom elev og lærar, langt meir enn den gamle klassestyrarordninga opna for. Vi delte klassane i to og sette i verk eit tolærarsystem i klassestyrarfunksjonen. Vi starta også med elevsamtaler før dei blei vedtekne i systemet, supplerer prosjektleiar Leiv Sandven.
Dei første åra hadde kontaktlærarane basismøte med kvar si gruppe fast ein gong i veka. Der la dei planar om korleis dei skulle klare å redusere fråfallet og få ned fråværet. Elevane blei sine eigne inspektørar, og så kunne sms-ane også nyttast til noko vettug.
Ved fråvær vart det innført eit system at den som er fråverande snarast råd gir melding til kontaktlærar eller medelevar i gruppa. Og skjer ikkje det, tek dei sjølve kontakt. Det skjer ikke lenger.
- Ikkje utan sverdslag
- Vi har innprenta elevane våre at dei har plikter som elles i arbeidslivet. Dette er deira innfallsvinkel til jobbmarknaden, og den logiske forklaringa godtek dei. Vi krev meldingar, og alle blir skorne over samme kammen. Her er det ikkje fråfall utan sverdslag, smiler Sandven.
Blant dei rundt 200 elevane i Øystese er det mange hybelbuarar. Derfor er det oppretta ei halv stilling som ungdomsleiar i Kvam til å følgje tett opp mot dei som likevel ikkje kjem seg opp om morgonen.
- Vi snakkar med dei, legg ting til rette, inngår avtaler og lar nokon få redusert pensum. For oss er det grunnleggjande å sjå mennesket i eleven, og då må båe partar vera på godfot, seier rådgjevar Marit Rise Martinsen.
Måten å riste saman elevar og lærarar når ein ny kvardag tek til om hausten, er tre dagar på fjellet. Spesialklassane er også med. Sandven trekkjer i trådane.
- Alle er med på tur. Førsteklassingane dreg tre dagar på Hamlagrø, andreklassingane fer inst i Botnen, og russeklassane får ein dag overnatting på Folgefonna. Ingen har så langt stukke seg unna.
På tur er det ingen som lagar mat til dei eller reier opp sengen. Skolestarten er inngangen til START-samtalen, og avstanden mellom ny lærar og ny elev vert raskt broten ned.
- Det er heile ideen bak turane å kutta ned på avstanden mellom partane i skolekvardagen. Den eleven som har vore med på Hamlagrø, blir mindre reservert fordi dette er noko heilt anna enn klassesituasjonen. Vi får etablert ein arena saman, seier Sandven.
Øystese i USA
- Miljøet på Øystese er tett, og alle kjenner alle. Eg opplever det som noko positivt. Vi freistar å ta vare på kvarandre i bygda. Dei aller fleste bur jo også i Kvam, seier Monica Rogdaberg, medlem av styret i elevrådet og elev på VKI Barne- og ungdomsarbeidar. Sjølv vil ho velje 3-årig påbygging til hausten og satsa på sjukepleien.
I 1997 gjekk skolen over havet og etablerte seg med ein filial i Missouri. I dag er tilbodet på St.Paul’s Lutheran High School i Concordi vorte eit etablert mønster for Øystese gymnas. St. Paul’s er internatskole for om lag 170 elevar.
- Vi klarte å tilpassa dei norske læreplanane på VKI i eit amerikansk system. Elevane går inn i VKII når dei kjem tilbake etter eitt år på den Internasjonale vidaregåande skolen i Missouri. Det er eit skoleår som krev vilje og evne til omstilling, fortel Marit Rise Martinsen.
- Har USA-tilbodet noko å seie for søknaden til skulen?
- Klart det er mange som tenkjer på det skulen tilbyr på VKI i USA når dei byrjar på Allmennfag. Men det er fleire ting som gjer Øystese til ein god skule, ikkje minst at dei er så flinke til å flette studieretningsfag. Og så er det vanskeleg å unngå å få kontakt med rektor, ler elevrådsformann Synnøve Botnen. Ho satsar på bioteknologi når ho er ferdig med vidaregåande.
Eirik Fosse kom til Øystese på VKI. – Eg mista nokre fag forrige skuleår og vart imponert over hjelpa eg fekk her til å rette opp. Skolen ser på kombinasjonar av ulike fag som løysingar, ikkje problem. Eg synest også at måten eg vart motteken på då eg kom, viste omtanke. Eg kjende knapt nokon, men etter skulestarten på tur kjende eg mest alle, seier Eirik Fosse, som pendlar 40 minutt kvar veg frå Strandebarm.
- Kva med privatlivet når de vert sjekka opp heile tida av skulen?
- Det er ok å verte sjekka, ler Eirik.