– Me reknar med at det sterke kompetansemiljøet som er bygd opp i Bergensregionen innan petroleumsnæringa vil verta oppretthalde når Hydro og Statoil slår saman olje- og gassverksemda si til eitt selskap, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i ein
Godt samarbeid
Hordaland fylkeskommune har eit svært godt samarbeid med både Hydro og Statoil, og me ser fram til tilsvarande god kontakt med det nye selskapet som skal opprettast, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Stort behov for kompetanse
– Sidan starten av petroleumsverksemda på norsk sokkel, har det på fleire fagområde utviklet seg kompetansebedrifter i Bergen og Hordaland som er blant dei aller beste i verda. Sjølv om me no får eitt stort norsk oljeselskap i staden for to, reknar me med at det vil verta minst like stort behov som tidlegare for den kompetansen som er bygd opp i Bergen og Hordaland. Me ser fram til at denne kompetansen kan verta utvikla vidare i åra som kjem, og at det sterke olje- og gassmiljøet i Bergensregionen skal utvikla seg endå meir for å skapa grunnlag for framtidig verdiskaping, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Sjå også:
Bra for Hordaland