
Rektor Åge Rosnes og assisterande rektor Berit Østerbø Brekke skryt av fasaden på Olsvikåsen videregående skole som har store glasflater og treverk av ubehandla malmfuru som skal stå ubehandla i mange 10 år framover. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Sjå oppslaget i Hordalandsnytt om Olsvikåsen i pdf-format
Nøgde brukarar av berbar pc ved skulen
Rektor Rosnes - statssekretær i eitt år
Skal minke papirbruken
– Vi brukar berbar pc i trådlaust nettverk og har elektronisk innkjøpssystem, elektronisk dokumentbehandling og arkivsystem. Vi har som mål å minke papirbruken. Vi greier ikkje å få alt vekk, men vi er langt på veg, seier rektor Åge Rosnes som synest det var ein udelt positiv oppleving å kome til skulen.
– Elevar og personale har laga eit godt miljø. Vi har god stemning her. Folk er innstilt på dugnad og å starte jobben med blanke ark, seier Rosnes som har vore rektor ved skulen sidan månadskiftet september/oktober.
Informasjonssvikt
Mens Rosnes var statssekretær i Kunnskapsdepartementet fungerte Berit Østerbø Brekke som rektor.
– Vi sleppte inn på skulen først 10. august, berre ei veke før skulen skulle takast i bruk. Då var skulen ein byggjeplass, og det var lite som fungerte. Først uti september, etter eit møte, sat eg med ned og hadde kjensle av at det var ein skule vi dreiv og ikkje ein anleggsplass, seier Brekke.
Då skuleåret starta vart det og ein del oppstyr om berbare pc-ar.
– Årsaka til oppstyret var informasjonssvikt. No har dette lagt seg. Vi hadde nyleg eit foreldremøte og då var pc ikkje tema, seier Rosnes.
Sparka i gang
Brekke fortel at dei like etter skulestart hadde eit foreldremøte for å informere om pc-bruk. Etter det roa det seg ned.
– Mange hadde pc-ar frå før, nokre har kjøpt pc og andre leiger. I dag er elevane nøgde med ordninga, og vi har sett at ein og annan familie er blitt sparka i gang med å ta pc i bruk. Vi ser at dei berbare pc-ane er i bruk heile tida, overalt på skulen, i smågrupper eller av enkeltelevar. Det trådlause nettverket fungerer fint.
Elitesatsing
Elevane ved Olsvikåsen har fått eit unikt tilbod innan basketball i samarbeid med Loddefjord Idrettslag.
– Vi har ni elevar som er med på tilbodet. Normalt har elevane 30 timar i veka, men desse får fem timar ekstra til trening og teori. Tilbodet er for spelarar på elitenivå på krins- eller landslag, og dei brukar idrettshallen som har internasjonale basketballstandard, seier Brekke.
Idrettshallen ved skulen er blitt svært populær.
– Den er i bruk stort sett kvar kveld frå klokka 16.00 til 22.00. Vi har hatt svær stor pågang for å bruke hallen. Den er i bruk til alle nivå innan basketball. Lyderhorn volleyballklubb har trening der, og Olsvik kirke brukar hallen til konfirmantførebuing innan idrett.
Ingen mastodont
Fasaden ved skulen er unik. Den er samansett av store glasflater og ubehandla norsk malmfuru. Sivilarkitekt Rikke Charlotte Sundt fortel at dette er kjerneved av furu som har svært tett struktur.
– Kvaa har impregnert treverket, så det skal ikkje målast eller behandlast. I løpet av eitt til tre år blir det grått, og slik skal det stå i mange 10 år. Det finst hus her i landet som har stått i mange hundre år med slikt treverk, fortel arkitekten.
Rektor er svært nøgd med trevalet og arkitektur.
– Skulen framstår ikkje som ein mastodont. Den ser fin ut både frå Lyderhorn og frå sjøen. Det er tydeleg at arkitekten har vore rundt og sett på korleis skulen skal passast inn i terrenget, seier Rosnes.
Skulptur av elevar
Av byggekostnaden på 133,5 millionar kroner er ein halv million sett av til kunstnarleg utsmykking.
– Vi har gått utradisjonelt til verks og sett på kva som er spesielt for Olsvikåsen som kan leve lenge. Det enda opp med at vi satsa på skulptøren Arne Meland frå Os som skal lage to bronseskulpturar av ein gut og ei jente, anno 2006, begge elevar ved skulen. Meland har vore her på skulen og fanga inntrykk til jobben. Han har plukka ut to elevar som skal stå modell. Meland har sett på korleis elevane er kledd, brukar berbar pc, mobiltelefon, har gele i håret og korleis dei kommuniserer med kvarandre. Han fekk god dialog med elevane, og vi er spente på resultatet. Skulpturane skal anten stå ved inngangspartiet eller ved foajeen. Vi skal ha avduking når det går mot sommar, seier Brekke.
– Det einaste saknet vi har, er auditorium. Når vi skal ha eit større møte, må vi ta idrettshallen i bruk og gjere avtale med dei som då ikkje kan bruke den, seier rektor Åge Rosnes.

Kantina er ein populær samlingsstad for elevane, både med og utan pc.