
Vinnarane av oppfinnarprisen 2006. Frå venstre: Øyvind Kommedal, Bjarte Karlsen og Øystein F. Sæbø og prisutdelar, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (Foto: Stanley Hauge.)
Raskare analysar
Den blanda-DNA-sekvensdekodaren kan brukast til å analysera bakterieprøver, og kortar tida ein brukar til å identifisere ei prøve frå 3-7 dagar til 5-7 timar. Metoden er også meir presis enn dagens metodar, på den måten at alle bakteriar i prøva vert identifiserte. Oppfinninga tilfredsstiller alle krava til oppfinnarprisen for Hordaland. Ideen har god oppfinnarhøgd og nyhendeverdi, og oppfinnaren har dokumentert både vilje og evne til å realisera oppfinninga, som er venta å ha eit stort forretningspotensial i nasjonale og internasjonale marknader, seier juryen i grunngjevinga for tildelinga.
Heiderleg omtale
Juryen har gjeve heiderleg omtale til to andre oppfinningar. Det er Torbjørn Aasen for trådlause tastatur som ikkje treng batteri, og Knut Inge Seim og Ronny Solberg for sin fiskereinsar.
Trådlaust tastatur – utan batteri
Torbjørn Aasen, frå Nesttun, har utvikla verdas fyrste trådlause tastatur som ikkje treng batteri. Det er mogeleg med ein ny radioteknologi som nyttar straumen som finst i den eininga som tastaturet brukast saman med. Teknologien er vurdert som unik og patenterbar, og det er levert inn patentssøknad. Du kan til dømes bruke det nye tastaturet til å tasta på neste generasjons mobiltelefonar. Tastaturet er robust, kan nyttast ute i vêr og vind, og er så fleksibelt at det kan rullast saman når det ikkje vert nytta. I samarbeid med to lokale samarbeidspartnarar har Aasen laga ein prototyp. Juryen meinte at Torbjørn Aasen har laga eit produkt for den globale marknaden med eit stort potensial.
Fiskereinsar
Knut Inge Seim og Ronny Solberg, frå Loddefjord, har saman utvikla ein fiskereinsar. Oppfinninga er ein maskin som ”finreinsar” fisken på slutten av ei sløyeline. Metoden, som er patentert, nyttar vakuum og skrapeverktyg på ein utradisjonell måte og oppnår slik ein meir skånsam handsaming av fisken. For ein bransje som er så avhengig av kvalitet som oppdrettsindustrien er Knuro fiskereinsaren eit stort framsteg. Det syner då også salet av maskiner som starta i fjor sommar.

Torbjørn Aasen (t.v.) og Knut Inge Seim og Ronny Solberg fekk heiderleg omtale for oppfinningane sine. I midten prisutdelar, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, og deretter prisvinnarane frå iSentio, Bjarte Karlsen, Øystein F. Sæbø og Øyvind Kommedal. (Foto: Stanley Hauge.)
11 kandidatar
Hordaland fylkeskommune har delt ut Oppfinnarprisen for Hordaland sidan 1993, og i år var det 11 kandidatar som meldte si oppfinning på i konkurransen. Søknadene hadde jamt over eit høgt nivå og fleire av dei var vinnarkandidatar. Ein trend mellom dei som deltar i konkurransen er at dei er fleire om prosessen fram mot oppfinninga. Det gjenspeiler kanskje utviklinga mot ein større kompleksitet i verda omkring oss, og at oppfinningane blir til i eit samspel mellom ulike typar kompetanse.
Juryen har vore sett saman av følgjande medlemmer:
Hans Otto Robberstad – Hordaland fylkeskommune
Ivar Singstad– Innovasjon Norge Hordaland
Jan Olav Ormberg – Acapo (tidligare Bergen Patentkontor)
Atle Våge – Høgskolen i Bergen,
Vigdis Ravnøy – LO Hordaland,
Svein Hatlem – NHO Hordaland
Tekst: Simon Sortland