Olga Breivik tildelt fylkeskommunen sin kulturarbeidarpris

Hordaland fylkeskommune sitt nyoppretta kulturarbeidarstipend vart delt ut for første gong under fylkestinget 13. desember. Prisen på 50 000 kr kan etter statuttane delast i inntil tre kandidatar. Hovudprisen på kr 30 000 er tildelt Olga Breivik frå Fana.

Olga Breivik fekk overrekt Hordaland fylkeskommune sin første kulturarbeidarpris av leiar i kultur- og ressursutvalet,  Georg Indrevik.

Det er kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen som har vedteke å oppretta stipendet, og leiar i utvalet, Georg Indrevik, stod for utdelinga.

Olga Breivik 
Olga Breivik (f. 2.1. 1927) frå Fana har heile livet drive med frivillig kulturarbeid på mange ulike felt i heile Hordaland. Ho har bakgrunn i eit gamalt kulturmiljø i Fana, og har kjennskap til folkekultur og tradisjon som ikkje mange andre sit inne med. Olga har drive med ungdomsarbeid, kulturhistorisk formidling til barn og unge, historielagarbeid og arbeid i husflidslag, og ho har vore ei ressursperson og inspirator for mange, blant andre Fana Husflidslag og Hordamuseet. Ho var viktig i samband med oppstarten av Fana Husflidslag, og saman med Hordamuseet gjer ho ein stor jobb med tekstilar, drakter og bunadar.

Olga Breivik fekk overrekt Hordaland fylkeskommune sin første kulturarbeidarpris av leiar i kultur- og ressursutvalet,  Georg Indrevik.

Aktiv formidlar
Olga er ein aktiv formidlar av handlingsboren kunnskap, og har vore ein sentral bidragsytar til utallege utstillingar om tekstilar, bunader og anna. I år 2000 fekk ho H.M. Kongens fortenestemedalje i sølv for sitt folkedrakt- og bunadsarbeid. 

Gløymde kunstar
– Med tildelinga av kuturarbeidarsprisen er det ei stor glede for Hordaland fylkeskommune å få takka tradisjonsberaren Olga Breivik for eineståande og ueigennyttig innsats for vår felles kulturarv. Det er særleg hyggeleg å kunna setta eit fokus på dei gløymde kunstane innan tekstilarbeid, som har levd vidare i kvinnetradisjonen utanfor dei formelle læringsinstitusjonane, sa Georg Indrevik ved tildelinga.  

Kulturarbeidarprisen 2006: Olga Breivik (t.v.) fekk hovudprisen på kr 30 000. Deretter Eline Bruntveit og Alf Warloe Chrisophersen og til høgre prisutdelar Georg Indrevik.

Kulturarbeidarprisen 2006: Olga Breivik (t.v.) fekk hovudprisen på kr 30 000. Deretter Eline Bruntveit og Alf Warloe Chrisophersen og til høgre prisutdelar Georg Indrevik.

Omnshuset på Huglo
På Nordhuglo finst ei makelaus samling av gamle norske jernomnar. Gjennom 30 år har John og Eline Bruntveit teke vare på og restaurert omnar frå 1700-talet og opp til det 20. århundre. Dei har no den største private samlinga av gamle omnar i Noreg. I 2004 fekk samlinga plass i nybygd utstillingshall og vart opna for publikum. Museet ligg på gardsplassen til Bruntveit og rommar magasin og den store samlinga av gamle, restaurerte omnar. I samlinga på om lag 50 omnar, dei eldste frå 1850, er det alt frå dokkekomfyrar til båtomnar og 3 m høge kyrkjeomnar.

Stor dugnadsinnsats
Det er på sett og vis ein gammal norsk paradeindustri som no står samla i gardsbygningane til Eline og John på Huglo-øya. I samlinga finst religiøse motiv, kjærleiksmotiv og ein fredsomn – ein Pax – som Jøtul laga då andre verdskrigen var slutt, sa Georg Indrevik ved tildelinga av prisen.  Han takka John og Eline Bruntveit for den store dugnadsinnsats deira for å ta vare på denne spanande delen av vår felles kulturarv.

Skånevik Bluesfestival
Skånevik Bluesfestival vart starta i 1997. Målet med festivalen var å gje eit nytt tilbod til bluesinteresserte på Vestlandet. Interessa for festivalen er stor, han er vorten utvida fleire gonger, og fokus på store artistar har gjeve festivalen ry utover landets grensar. Av artistar som har vitja festivalen er Chuck Berry, Gary Moore, Rita Eriksen og Vidar Busk.

Kraftfullt innsalg
Festivalen har vorte eit kraftfullt innslag i «Bluesbygda Skånevik» og regionen omkring, og medverka til å skapa stor aktivitet og knoppskyting i lokalsamfunnet. Festivalen har sett Skånevik på kartet for musikkinteresserte menneske på heile Vestlandet, og har blitt ei merkevare og ein samfunnsbyggar for Skånevik, sa leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, ved tildelinga til Skånevik Bluesfestival, ved festivalsjef Alf Warloe Christophersen.

Kulturarbeidarprisen
Med kulturarbeidarprisen ynskjer Hordaland fylkeskommune å setja eit særleg fokus på dei mange  eldsjelene som held kulturlivet i gang. Prisen vert gjeven til personar, lag eller organisasjonar som har utmerkt seg gjennom eit eineståande kulturarbeid med stor tyding for kulturlivet i Hordaland, sa leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, ved utdelinga 13. desember.

50 000 kr i prispengar
Prisen på 50 000 kr kan etter statuttane gå til ein eller inntil tre kandidatar årleg. Kultur- og ressursutvalet har også høve til å vedta at prisen ikkje skal delast ut eitt år. Ved tredeling skal hovudprisen vera på kr 30 000 og to prisar på kr 10 000.

Send forslag
Det er kultur- og ressursutvalet som tildeler prisen. For 2006 vart vurderinga av kandidatar gjort av fylkesrådmannen, som deretter la forslag til prisvinnar/prisvinnarar fram for utvalet. For komande år vil tildelinga skje med bakgrunn i nominasjon frå kommunar, kulturinstitusjonar, privatpersonar eller frivillige organisasjonar. 

Tekst og foto: Stanley Hauge

Kristin Myren 18.12.2006 10:48
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart