Offentleg journal på internett

Frå tysdag 12. desember er Hordaland fylkeskommune sin offentlege journal tilgjengeleg på internett. Du finn menyinngang til journalen på startsida vår. Journalen gjev tilgang til postlister sortert etter avdeling og arbeidslag.

Oversikt
Fylkeskommunen sin journal på nett gjev oversikt over inngåande post til fylkeskommunen og eigenproduserte fylkeskommunale dokument. Journalen vert lagt ut tre dagar etter journalføring.
Første dag det vil vera tilgjengeleg dokument for, er fredag 8. desember. For kvar arbeidsdag vil det deretter koma ei ny oversikt dagleg.

Journaldata vil vera tilgjengelege på nett i tre månader etter dei er publiserte. Til dømes vil data som er publiserte for 8. desember i år, vera tilgjengelege til 7. mars 2007.

Be om dokument
Den offentlege journalen vår på nett gjev oversikt over dokument som ligg i journalen. Sjølve dokumenta (inngåande brev og fylkeskommunen sine eigenproduserte dokument) kan du tinga på nettet.

Du tingar dokument ved å merka (haka) av dei dokumenta du ønskjer innsyn i og vel funksjonen «Be om innsyn». Når du stadfester at du vil ha eitt eller fleire dokument, går det epostmelding til sentralarkivet som sender deg dokumenta.

Her finn du offentleg journal for Hordaland fylkeskommune.

Stanley Hauge 12.12.2006 10:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart