Nye oppgåver og styrka lokaldemokrati

– Fylkeskommunen kjem styrka ut med nye oppgåver, men regionalmeldinga går ikkje så langt som vi hadde håpa på førehand, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

I ettermiddag la kommunal- og regionalminister Åslaug Haga fram Stortingsmelding nr. 12 om regionreforma, ”Regionale fortrinn - regional framtid”. Den slår fast at regjeringa held fast på tre forvaltningsnivå – kommune, fylke/region, og stat. Vidare vert oppgåver flytta frå statleg nivå til fylkeskommunen/regionen. Regionmeldinga tek i hovudsak for seg oppgåvefordelinga, og korleis denne kan sjå ut alt etter kva regionmodell som vert vald.

Styrkjer fylkeskommunane
– Me er glade for at regionalmeldinga endeleg er presentert, og meiner fylkeskommunen kjem styrka ut. Det er positivt at vi får nye oppgåver innan samferdsle, næringsutvikling, miljøvern, landbruk, marin sektor, kultur, regional planlegging, forsking og utdanning. Dette vil styrka lokaldemokratiet, meiner fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Kan få større regionar
Ho peikar på at meldinga opnar for få regionar, noko som vil medføra større oppgåver i meir handlekraftige regionar.
 – Dette opnar for forhandlingar med nabofylka våre, understrekar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Pressemelding frå Kommunal- og regionaldepartementet

Stortingsmeldinga

Kortversjon av Stortingsmeldinga

Simon Sortland 08.12.2006 16:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart