Ved den nye skulen er det også tilrådd to klassar i påbygging til generell studiekompetanse, ei gruppe i vaksenopplæring og to firargrupper.
Fylkestinget skal handsama saka på møte 12.-13. desember.
Ferdig i 2010
Det er lagt opp til at anlegget skal stå ferdig i 2010 og det er så langt lagt til grunn ei kostnadsramme på 300 mill. kr. Prosjektet er lagt inn med årlege løyvingar i økonomiplanperioden.
«Jamvel om fylkesrådmannen ikkje sit inne med ny konkret informasjon om kostnadene med dette skoleanlegget, finn fylkesrådmannen likevel grunn til å varsla at byggekostnadene truleg vil langt oveskride dei nemnde 300 mill. kr. Røynslene frå Sørås-prosjektet – som ligg til handsaming til fylkestinget i desember 2006 – tilseier det,» heiter det i saksutgreiinga.
Det er lagt opp til stram framdrift for prosjektet
Samlokalisering
Den nye vidaregåande skulen er det intensjonen å samlokalisera med det nye 50-meters symjeanlegget som Bergen kommune skal byggja på Nygårdstangen. På den bakgrunn vert det lagt opp til å oppretta idrettsfag med spesialisering i symjing.
Populært med skule i sentrum
Samla elevtal vil utgjera 903. Det vil gje ein netto auke på 300 elevplassar i Bergen. Skulen vil dermed kunne ta imot delar av elevveksten som kjem i Bergen. I saksutgreiinga vert det også påpeika at det alltid vil vere attraktivt å ha eit godt skuletilbod i sentrum.
Det er mange ungdommar som vil gå på skule i sentrum og transportmessig er det lett å koma dit. Med den elevveksten som har starta og vil kome i Bergen med omland, er det viktig å oppretthalde og auke talet på elevplassar som fylkeskommunen har i dag. Med den nye sentrumsskulen som vil gi ein netto tilvekst på om lag 300 elevplassar, vil fylkeskommunen kunne oppretthalda elevtilbodet på same nivå som tidlegare, heiter det i saksutgreiinga.
Sak om skuleendring
I saksutgreiinga heiter det at skulen vil erstatta Tanks videregående skole og Lønborg videregående skole. I møtet i fylkesutvalet opplyste fylkesrådmannen at det vil verta lagt fram eiga sak om dette.
Pressemelding frå fylkesutvalet 6. desember 2006