Miljøvernministeren: ”Deltaking for alle – universell utforming” er ein framifrå plan

Fylkesdelplanen 2006-2009 ”Deltaking for alle – universell utforming” er godkjent av Miljøverndepartementet. Miljøvernminister Helen Bjørnøy skriv i godkjenningsbrevet at det er ein framifrå plan, både når det gjeld prosess og innhald.

God innsikt
Om planen skriv miljøvernministeren at Hordaland fylkeskommune syner god innsikt i nasjonal politikk på dette området.
– Gjennom fylkesdelplanen er dei nasjonale måla omgjort til regionalpolitiske utfordringar. Dei områda som er valt som satsingar speglar dei samfunnsområda som er prioritert nasjonalt, gjennom handlingsplanen for universell utforming og gjennom Soria Moria-erklæringen: Bygg/uteområde, transport, IKT og utdanning/kompetanseoppbygging.

Fysisk aktivitet
Miljøvernministeren trekkjer frem nokre viktige element i planen.
– Departementa ser det som positivt at folkehelse og auka fysiske aktivitet er framheva i fylkesplanen sitt kapittel om generelle utfordringar. Vi finn det positivt at ein skal utvikle eit universelt utforma friluftsområde i kvar region.

Miljøvernminister Helen Bjørnøy skriv at Hordaland fylkeskommune gjennom planen syner god innsikt i nasjonal politikk på området universell utforming.
Miljøvernminister Helen Bjørnøy skriv at Hordaland fylkeskommune gjennom planen syner god innsikt i nasjonal politikk på området universell utforming.

Vi peikar på at ein ved etablering av nye friluftsområde må nytte prinsippa om universell utforming.

I samanheng
Vidare skriv miljøvernministeren at det er fint at planen fokuserar på heile reisekjeda og ikkje berre dei ulike ledda i ei slik kjede.
– Det er positivt at dei ulike transportformene blir sett i ein samanheng, og at brukarmedverking står sentralt under forslag til tiltak. Fylkesdelplanen støttar såleis godt opp om det nasjonale målet for tilgjenge, og om strategien og tiltaka som er omtala i Samferdselsdepartementets handlingsplan for tilgjengeprogrammet BRA 2006-2009.

Ros
Miljøvernministeren peikar på at fylkesdelplanen held seg klart til sektoransvaret og er såleis i tråd med handlingsplanen til regjeringa for universell utforming.
– Hordaland fylkeskommune har i sitt handlingsprogram sett seg tidfesta mål for gjennomføring av tiltaka, samtidig som kostnader og finansiering er gjort greie for på dei aller fleste tiltaka. Samtidig er samarbeid og spleiselag nedfelt i handlingsprogrammet på ein tydeleg måte for ei rekkje tiltak. Hordaland fylkeskommune skal også rosast for at den gjennom planen ser framover og mellom anna førebur seg på krav som vil kome gjennom EU-direktiv og FNs arbeid. Dei rikspolitiske retningslinjer for universell utforming som no er under utarbeiding håpar vi kan bli eit godt reiskap for Hordaland fylkeskommune si vidare dialog med kommunane om universell utforming, skriv miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Vedkjem alle
Fylkesdelplanen starta som ein fylkesdelplan for funksjonshemma, men tidleg vart det klart at planen vedkjem oss alle. Det handlar om at å kunne delta i samfunnet på like vilkår. Planen vart vedteke av fylkestinget 13. juni 2006. Når den no er godkjent av departementet er den ikkje berre retningsgjevande for fylkeskommunal verksemd, men og for kommunal og statleg verksemd i fylket.

”Deltaking for alle – universell utforming”. Fylkesdelplan 2006 – 2009

Bjarte Brask Eriksen 22.12.2006 12:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart