Fylkesbudsjettetet 2007: Budsjettstyrking for alle sektorane

Fylkesbudsjettet for 2007 som Hordaland fylkesting har vedteke (12. desember) gjev ei budsjettstyrking for alle sektorar i fylkeskommunen. Med påplussingar på 55,7 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt forslag «gjer me eit godt budsjett endå betre», se

Fleirtalskoalisjonen sitt forslag vart vedteke med 30 (H, Frp, KrF, uavh.) mot 27 (Ap, SV, Sp, V, RV) røyster.

Fylkestinget har vedteke å bruka 55,7 mill. kr meir til fylkeskommunale tenester i 2007 enn det fylkesrådmannen har føreslege. Påplussingane fordeler seg slik: 24,8 mill. kr meir til opplæring, 19,2 mill. kr meir til samferdsel, 5,3 mill. kr meir til kulturoppgåver m.m., og 6,4 mill. kr meir til regional utvikling.
 Påplussingane vert finansierte med 24,7 mill. kr i udisponert rammetilskot frå staten og ved å redusera bruken av driftsmidlar til investeringar med 31 mill. kr.

Budsjettvedtak 2007

Vedtekne endringar
Det vedtekne budsjettet omfattar følgjande endringar i høve til fylkesrådmannen sitt forslag:

Opplæring
Påplussinga til opplæring omfattar 10 mill. kr til å styrkja IKT-kompetansen til lærarane, tilrettelegging av IT-infrastruktur på skulane og subsidiar til kjøp av elev-Pcar. Satsinga på fornying av anna undervisningsutstyr vert ført vidare med ei påplussing på 10 mill. kr.
 3 mill. kr vert sett  av til å auka rammetimetalet, for å sikra eit breitt fagtilbod ved dei vidaregåande skulane, ved innføringa av «Kunnskapsløftet». Det vert løyvd 1 mill. kr meir til å byggja opp skulebiblioteka, m.a. for å gje ansvarlege auka kompetanse i moderne bibliotekdrift.
 Andre postar som vert styrkte er: 300 000 kr meir til fagopplæring, 250 000 kr til lærarevluering og 250 000 kr til leksehjelp.

Samferdsel
For å redusera prisen på ungdomskort til 295 kr frå 1.8.2007 vert det løyvd 3 mill. kr.
 For halda fram satsinga på nyasfaltering av fylkesvegane, og få nytt dekke på 80 km neste år, vert budsjettet påplussa 10 mill. kr.
 Til utbetring av delar av fylkesveg  83 på Reksteren er det løyvd 3 mill.kr.
 Løyvinga til trafikksikringstiltak vert auka med 1 mill. kr og løyvinga til transportordninga for funksjonshemma vert styrkt med 2 mill. kr. Løyvinga til nattbussordninga for ungdom i distrikta, «Trygt heim for ein 50-lapp», vert auka med 200 000 kr.

Kultur
Løyvinga til kultur og andre oppgåver innan ansvarsfeltet til  kultur- og ressursutvalet er påplussa 5,3 mill. kr.
 Påplussingane omfattar: Agatunet – Brannsikring  250 000 kr,   Griegjubileèt  500 000 kr, Vest Noregs Jazz 200 000 kr, Lost Weekend 200 000 kr, Hardanger musikk 150 000 kr, Bevaringstenesta Salhus 500 000 kr, North Sea Trail 150 000 kr,  Oselvarverkstaden 320 000 kr, Idrett og friluftsliv 500 000 kr, "Vern og vøling" – tilskotsmidlar 430 000 kr, Vestkystparken 500 000 kr, Sjømanskyrkja i Cardiff 100 000 kr, Fjelberg prestegard 125 000 kr, Brannmuseum i Bergen 200 000 kr, Styrking av komponistheimane 500 000 kr, "Valenfestival" i Sveio 250 000 kr, Kirkens SOS 25 000 kr. Til disposisjon for kultur- og ressursutvalet 400 000 kr.

Regional utvikling
Til tiltak innan regional utvikling vert budsjettet påplussa 6,4 mill. kr.
 Løyvinga til regionale fyrtårnprosjekt vert auka med 5,0 mill. kr for å stimulera til vidare vekst og utvikling i Hordaland. Det vert vidare auke til desse postane: Generelle tiltak innan folkehelse 200 000 kr, universell utforming auke 250 000 kr, satsing på ungt entreprenørskap 200 000 kr, prosjekt og utgreiing av eit meir miljøvenleg Hordaland  250 000 kr, samarbeid mellom skule og næringsliv 500 000 kr.

Finansiering
Påplussingane vert finansierte med 24,7 mill. kr i udisponert rammetilskot frå staten og ved å redusera bruken av driftsmidlar til investeringar med 31 mill. kr. Ved disponering av venta overskot i 2006 for fylkeskommunen skal tilsvarande sum tilbakeførast til investeringane.

Nasjonalt anlegg for symjing
For å medverka til at det nasjonale symjeanlegget i Bergen vert realisert skal Hordaland fylkeskommune gje eit tilskot på 10,0 mill. kr.  Denne summen vert det lagt opp til å finansiera ved disponeringa av venta overskot for 2006.

Konsesjonskraftinntekter
I samband med at fylket sine konsesjonskraftinntekter dei siste åra har vist svært stor auke, vert fylkesrådmannen beden om å leggja fram ei sak som vurderer framtidig fordeling av konsesjonskraftinntektene, heiter det i eit eige punkt i budsjettvedtaket.
 I vedtaket heiter det vidare: «Det bør vurderast å leggja inn eit kronetak på midlar til Hardangerbrua og Jondalstunellen i det enkelte år. Dette vil opna opp for midlar til samferdselstiltak m.a. i  Nordhordlandsregionen. Koalisjonen vil understreka at Hordaland fylkeskommune står fast ved dei opprinnelege finansieringsplanane til Hardangerbrua og Jondalstunellen.»

Pensjonsforsikring
Fylkestinget ber fylkesrådmannen starta ein prosess for konkurranseutsetjing av pensjonsforsikringa til Hordaland fylkeskommune. (Vedteke med 30 (H, Krf, Frp, uavh.) mot 27 røyster.)

Folkehelse
Fylkestinget føreset at det vert sett av midlar til den fylkeskommunale del av «Avtale om partnarskap for folkehelse i Hordaland 2006-2020» når behovet for fylkeskommunal finansiering er klarlagt. (Samrøystes vedteke.)

Andre forslag
Arbeidarpartiet, Sosialistisk venstreparti, Senterpartiet, Venstre og Raud Valallianse fremja eigne forslag til budsjett. Dei framsette forslaga vart røysta over som pakker og fekk berre røystene til forslagsstillarane.  Desse forslag som dermed ikkje vart vedtekne, er omtala nedanfor.

Arbeiderpartiet
Arbeiderpartiet føreslo å nytta det udisponerte rammetilskotssummen på 24,7 mill . kr slik: Vidaregåande opplæring 5 mill.  kr, næringsretta tiltak 2 mill. kr, kultur 5,0 mill. kr, miljøtiltak 1 mill.kr, styrka kollektivsatsing 6 mill. kr, reversera samanslåing av skulereisekort og ungdomskort 4 mill. kr, 450 000 kr til trafikksikringsmidlar, 25 000 kr meir til «Heim for ein 50-lapp», helsetiltak 1 mill. kr.
 Ut frå at fylkeskommunen ventar overskot på 2006-rekneskapen, vil Arbeiderpartiet nytta 30 mill. kr av overskotet til gratis læremiddel/Pcar i vidaregåande skule, 25 mill. kr til opprusting av fylkesvegane og 10 mill. kr til investeringar innan kultur- og idrett; idrettshallar, kulturhus og ballbingar.

Forslaget fekk Ap sine tretten røyster.

Ap sitt forslag

Sosialistisk venstreparti
SV føreslår å auka driftsramma med 53 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Endringa omfatta 23 mill. kr meir til vidaregåande opplæring, 0,5 mill. kr meir til tannhelse, 1,1 mill. kr meir til regional utvikling, 22 mill. kr meir til samferdsel og 4,55 mill. kr meir til kultur.

På investeringsbudsjettet vil SV nytta 5 mill. kr mindre til attendebetaling av forskotterte midlar frå kommunane til fylkesvegar. I staden vil SV nytta 3 mill. kr til standardheving av fylkesvegar og 2 mill. kr meir til trafikksikring.

SV sitt forslag omfatta også ei rekkje verbalpunkt.

Av venta overskot i fylkesrekneskapen for 2006 vil SV nytta 30 mill. kr til berbare Pcar for elevane, 25 mill. kr til auka vegvedlikehald og kollektivterminalar og 10 mill. kr til kulturføremål.

Forslaga fekk SV sine seks røyster.

SV sitt forslag

Venstre
Venstre føreslo påplussingar på 49,4 mill. kr til drifta i høve til fylkesrådmannen sitt forslag. Påplussinga vil Venstre finansiera ved å nytta 24,7 mill. kr i auka rammetilskot, låna ut 20 mill. kr mindre til Hardangerbrua og redusera driftsmidlar til investeringar med 4,7 mill. kr.
 Venstre vil fordela påplussingane slik: Samferdsel 12,2 mill. kr, opplæring 19,3 mill. kr, kultur 6,4 mill. kr, 10,75 mill. kr til regional utvikling og 0,75 mill. kr til tannhelse.

Forslaget fekk Venstre sine to røyster.

Venstre sitt forslag

Senterpartiet
Senterpartiet fremja forslag om bruk av det ufordelte rammetilskotet på 24,7 mill. kr. Sp føreslo å fordela summen med 10 mill. kr til opplæring, 10 mill. kr til samferdsel og 4,7 mill. kr til kultur m.m.

Forslaget fekk Sp sine fire røyster.

SP sitt forslag

Raud valallianse
Raud Valallianse føreslo å auka driftsramma med 47,3 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt budsjettforslag. Påplussingane omfatta 25,5 mill. kr til opplæring, 0,5 mill. kr til kulturkort for ungdom, 1,0 mill. kr til tannhelse og 20,3 mill. kr til samferdsel.
 RV ville finansiera påplussingane med ufordelt rammetilskot på 24,7 mill. kr, 20,6 mill. kr i mindre bruk av driftsmidlar til investeringar, kutta 0,7 mill. kr i løyvinga til Hordaland olje og gass, kutta i alt 0,98 mill. kr i godtgjersla til fylkesordførar og fylkesvaraordførar, og kutta 0,3 mill. kr i løyvinga til Vestnorsk Brusselkontor.

RV vil disponera venta overskot i 2006, slik: Gratis PC i skulen 30 mill. kr, fylkesvegvedlikehald 10 mill. kr, utstyr i vidaregåande skule 10  mill. kr, kultur 10 mill. kr.

Forslaget fekk RV sine to røyster og fall.

RV sitt forslag

Verbalforslag frå Ap, SV, Sp
Arbeidarpartiet, Sosialistisk venstreparti og Senterpartiet fremja ei felles verbalforslag i 13 punkt. Dette forslaget fekk 25 røyster (Ap, SV, Sp og RV) og fall.
 Forslaget omfatta m.a. forslag om å oppheva den karakterstyrte inntaksordninga til vidaregåande skular.

Fellesforslag Ap, SV, SP

Stanley Hauge 12.12.2006 18:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart