Anbodsruter og ny snøggbåtgenerasjon

Frå 1. januar 2007 set Hordaland fylkeskommune i gang nye snøggbåtruter i Sunnhordland og mellom Sunnhordland og Bergen. Drifta av rutene skjer frå årsskiftet etter tildelte anbod. Tide Sjø AS skal driva to ruter og L. Rødne & Sønner As ei rute. I alle ru

Det blir ny  snøggbåtrute  mellom Bergen og Rosendal.
Det blir ny snøggbåtrute mellom Bergen og Rosendal.

Ny KvinnheraDet blir ny  snøggbåtrute  mellom Bergen og Rosendal.dsrute
Kvinnheradsruta, den nyoppretta ruta mellom Rosendal-Os-Bergen, skal L. Rødne & Sønner As driva. Dei skal setja inn i ein ny båt som er under bygging hos Brødrene Aa i Hyen. Båten vert sertifisert for 97 personar.

Rutetider på www.rodne.no (pdf)

Sunnhordlandsrutene
Tide Sjø AS skal stå for drifta av Sunnhordlandsrutene som omfattar lokalruter i Sunnhordland og ruter mellom Sunnhordland og Bergen. Det same selskapet skal driva Austevollruta, lokalbåt i Austevoll kommune og ettermiddagstur regionalrute Bergen-Rubbestadneset.

Rutetider på www.tide.no

Femårsperiode
Driftsperioden anboda gjeld for er fem år frå 1. januar 2007, det vil seia til utgangen av 2011. Avtalane gjev fylkeskommunen høve til å lengja avtalane med to år ut over dette. Samla kontraktsum for femårsperioden er på vel 190 mill. kr.

35 knops fart
Alle båtane som skal nyttast skal ha 35 knops fart. Selskapa som er tildelt anbod, har lagt opp til å nytta nye fartøy i alle rutene. Dei nye båtane vil verta sette inn i rutene så snart reiarlaga har fått dei levert frå båtbyggjarane.

Båtar frå Omastrand og Hyen
Dei nye båtane til Tide Sjø er bygde ved Fjellstrand AS på Omastrand i Kvam. Båtane har fått dei gamle og velkjende namna «Teisten» og «Tranen».
 Båtane er like store, men er innreidde ulikt. «Teisten» har plass til 180 passasjerar og «Tranen» 120. Båtane er 33 meter lange og 10 meter breie. Prislappen på kvar av dei er 35 mill. kr.

L. Rødne & Sønner As får ein ny båt levert frå  Brødrene Aa i Hyen i mai 2007, ein katamaran for 97 passasjerar.

Tekst: Stanley Hauge 27.12.2006 12:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart