Fylkesutvalet i Hordaland ber innstendig om at Regjeringa no opnar for å etablere kraftvarmeverk på Mongstad. Ei slik etablering vil vere heilt avgjerande for energisparing ved anlegget, for den elektriske forsyninga til Trollfeltet og for kraftforsynings
Fylkesutvalet meiner at kraftvarmeverket vil, førebudd for framtidig CO2-handtering, kunne vere starten på eit nasjonalt og internasjonalt grep av dimensjonar på utfordringane knytt til fangst og handtering av CO2. Ei kort tid med auka utslepp av CO2 vil i neste omgang bli betalt med sterke reduksjonar i CO2-utsleppet i mange tiår framover.
Forslaget vart fremja av Gisle Handeland, A og vart vedteke mot tre røyster, SV og V.