
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og idrettspresident i Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komite, Karl-Arne Johannessen, er stolte over det første offentlege idrettsgymnaset i Noreg (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Toppidrettsgymnaset i Åsane har 29 elevar dette skuleåret. Undervisingsopplegget er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskomune, Olympiatoppen og Hordaland idrettskrets. Dei som er tekne opp, fordelar seg på handball (6), orientering (2), kappgang (2), friidrett (1), fotball (12) og symjing (5). Det er og teke opp elevar med funksjonshemming.
Noko nytt
– Dette er noko nytt, ikkje berre i Hordaland, men i heile Noreg, sa rektor Grete Berg Kirkeeide under opninga.
– Eg får lyst til å bli 15 år igjen. Då eg var 15 år på Askøy hadde vi ikkje eit slikt tilbod. Det har stor verdi å ha slik bakgrunn når de skal søkje jobb om nokre år. Demå vere ambassadørar og fortelle andre om dette, slik at vi kan få fleire skular og tilbod i andre fylkeskommunar. Eg har klokektru på at dette går bra. Takk Hordaland. Eg er svært imponert over at ein fylkeskommune stablar dette på beina på under eitt år, sa idrettspresident karl-Arne Johannessen i Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komite.
Sommar- og vinteridrett
I tillegg til toppidrettsgymnaset i Åsane som tek seg av sommaridrettar, blir det toppidrettsgymnas på Voss. Offisiell opning der blir fredag 18. august kl 11.30. Voss gymnas skal ta seg av vinteridrettane.
Med oppretting av desse toppidrettslinjene legg Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Olympiatoppen, til rette for at unge talent skal kunne kombinere idrettsutvikling på høgt nivå med utdanning.
135 elevplassar
Toppidrettslinja ved Åsane gymnas har plass til 30 elevar. Voss gymnas har plass til 15 elevar og har teke opp elevar innan skiskyting (1), langrenn (2), alpin (4) og freestyle (5).
Inntaket av elevar har vore i nært samarbeid med Olympiatoppen. Det er teke omsyn til resultat, talent og prestasjonar i tillegg til karakterar.
Utbygginga av toppidrettslinjene skjer over tre år, og fullt utbygd i 2008 er kapasiteten totalt 135 elevplassar.
Kostnad
Tilbodet i toppidrett vil årleg koste om lag 1,35 millionar kroner meir pr. klasse enn tilsvarande vanlege klassar, fordelt med ein million kroner ved Åsane gymnas og 350.000 kroner ved Voss gymnas. Med klassar på alle dei tre klassetrinna i vidaregåande blir årleg meirkostnad for Hordaland fylkeskommune om lag fire millionar kroner.

29 spente elevar under opninga av det første offentlege idrettsgymnaset i landet.