Positivt med meir pengar til vegvedlikehald, men også veginvesteringane må aukast

Det er positivt at regjeringa vil setja inn meir midlar for å ta att etterslep i vegvedlikehaldet. Men meir pengar til vedlikehald må ikkje gå ut over løyvingane til nybygging, for også der ligg me på etterskot og har mykje ugjort, seier fylkesordførar

Fylkesordføraren i Hordaland seier dette i ein kommentar til statssekretær Steinulf Tungesvik sin uttale i NRK i dag (tysdag 1. august 2006) om at Samferdselsdepartementet vil  auka vedlikehaldsløyvingane i det komande statsbudsjettet.

Etterslep på 145 mill. kr i
Me må halda utbyggingstakta for riks- og stamvegnettet slik det er vedteke i Nasjonal transportplan (NTP). Men der er det i ferd med å verta eit stort etterslep alt, påpeikar Selsvold Nyborg.

For Hordaland er det i 2006 løyvd 93 mill. kr mindre til stamvegutbygginga enn det som var vedteke i NTP, og løyvinga til riksvegnettet er 52 mill. kr lågare enn i NTP-vedtaket. Samla etterslep for investeringar er såleis på 145 mill. kr i Hordaland i år, påpeikar fylkesordføraren.

NTP må følgjast opp
Dersom ikkje etterslepet i investeringar vert retta opp, vil mange viktige nyanlegg verta utsette, fryktar fylkesordførar Selsvold Nyborg, og legg til: I fleire tilfelle vil nyanlegga, der dei vert alternativ til og til dels erstattar noverande vegar, vera det beste vedlikehaldet som kan gjerast. Derfor må investeringsramma i NTP følgjast opp.

Stanley Hauge 01.08.2006 15:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart