Opning av toppidrettslinjer ved Voss gymnas og Åsane gymnas

Onsdag 16. august opnar dei to første offentlege toppidrettsgymnasa i Noreg: Åsane gymnas og Voss gymnas. Gymnasa har plass til totalt 45 elevar dette første skuleåret fordelt på både sommar- og vinteridrettar. Tilbodet er eit samarbeid med Olympiatoppen.

Offisiell opning av toppidrettslinja ved Åsane gymnas skjer 16. august klokka 11.00 med deltaking av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og idrettspresident Karl-Arne Johannessen i Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komite. Fredag 18. august klokka 11.30 blir den offisielle opninga av toppidrettslinja ved Voss gymnas.

Sommar- og vinteridrett
Dei to gymnasa fordelar idrettane seg i mellom slik at Åsane gymnas tek seg av sommaridrettar, mens Voss gymnas får vinteridrettane.  Med oppretting av desse toppidrettslinjene legg Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Olympiatoppen, til rette for at unge talent skal kunne kombinere idrettsutvikling på høgt nivå med utdanning.

135 elevplassar
Toppidrettslinja ved Åsane gymnas har plass til 30 elevar. Dei som er tekne opp, fordelar seg på handball (6), orientering (2), kappgang (2), friidrett (1), fotball (12) og symjing (5). Det er og teke opp elevar med funksjonshemming.
Voss gymnas har plass til 15 elevar og det er teke opp elevar innan skiskyting (1), langrenn (2), alpin (4) og freestyle (5).
Inntaket av elevar har vore i nært samarbeid med Olympiatoppen. Det er teke omsyn til resultat, talent og prestasjonar i tillegg til karakterar.
Utbygginga av toppidrettslinjene skjer over tre år, og fullt utbygd i 2008 er kapasiteten totalt 135 elevplassar.

Kostnad
Tilbodet i toppidrett vil årleg koste om lag 1,35 millionar kroner meir pr. klasse enn tilsvarande vanlege klassar, fordelt med ein million kroner ved Åsane gymnas og 350.000 kroner ved Voss gymnas. Med klassar på alle dei tre klassetrinna i vidaregåande blir årleg meirkostnad for Hordaland fylkeskommune om lag fire millionar kroner.

Desse er komne inn på toppidrettslinjene:
Åsane gymnas:

Handball:
Preben Rasmussen, Bergen
Aasmund Olav Aamelfot, Lodddefjord
Alexander Benevoli, Fyllingsdalen
Helene Tangen, Olsvik
Jeanette Holgersen, Erdal
Ida-Marie Andersen, Ulset

Orientering:
Knut Valen, Øvre Ervik
Agnete Nummedal, Rådal

Kappgang:
Pål-Erik Lund, Paradis
Håvard Haukenes, Paradis

Friidrett:
Anders Huun Monsen, Bergen

Fotball:
Alexander Solli, Loddefjord
Alexander Skogvold, Fyllingsdalen
Steffen Olsen, Loddefjord
Preben Borgen, Os
Bjarte Haugsdal, Os
Petter Havsgård Martinsen, Nesttun
Ørjan Arnesen, Haukeland
Martin Hjelmeland, Dimmesvik
Linn Aarland, Søreidgrend
Trine Lund, Os
Kine Bøe Risa, Ulset
Kari Fykse Lie, Fitjar

Svømming:
Ingvild Hilleren, Strusshamn
Maria Farestvedt, Mjølkeråen
Marcus Tesdal, Tertnes
Karl Fredrik Jørstad Schönhardt, Knarrevik
Maren Teige , Fyllingsdalen
Katja Heinänen, Fyllingsdalen

Voss gymnas:
Skiskyting
Hilde Annie Fosse, Vangsnes

Langrenn:
Irene Lid, Skulstadmo
Guro Tveito, Voss

Alpin:
Hans Skulstad Dregelid, Skulstadmo
Torkel N Gjeraldstveit, Voss
Anders Hanssen Skjervheim, Skulstadmo
Anders Øvsthus, Skulstadmo

Freestyle:
Klaus Knutson Finne, Voss
Åsmund Knapstad Hårklau, Voss
Vinjar Slåtten, Voss
Knut Lemme, Voss
Stian Eriksen, Flaktveit

Bjarte Brask Eriksen 15.08.2006 15:51
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart