– Dette er ei storhending. Vi opnar eit praktbygg. Skulen blir eit landemerke, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho 17. august opna Olsvikåsen videregående skole.

Skodespelar Helge Jordal underheldt under opninga. Eigedomssjef Helge Haavardtun leia samkomet, og Berit Østerbø Brekke er glad for at ho ikkje lenger er rektor utan skule. Dei tre damefigurane er gåve frå Laksevåg videregående skole. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Olsvikåsen videregående skole er ein moderne, heildigital skule med trådlaust nettverk, idrettshall med scene, pluss eigen scene for breakdance, og stort parkeringshus. Skulen har ein prislapp på |  Elevar i 3. klasse ved dramalinja til Fyllingsdalen videregående skole underheldt med song og dans.
|
133,5 millionar kroner og eit bruttoareal på 7000 kvadratmeter. – Det er mitt håp at den nye skulen i Olsvik skal kome alle innbyggjarane i bydelen til gode ved at alle aldersgrupper kan bruke skulen til ulike aktivitetar på ettermiddag og kveldstid, sa fylkesordføraren. ”Kjusa dokkar” – Vi er stolte i dag. Vi har fått ein topp moderne skule. Den bør tilfredsstille alle behov, sa leiar av opplærings- og helseutvalet, Roald Steindeide. – Vi har fått ein flott skule, men det er opp til de elevar og lærarar å skape den gode skulen og å byggje opp læringsmiljøet heilt frå botnen av i eit nytt miljø. De skal skape organisasjonen som skal lære frå dag til dag. ”Kjusa dokkar” som skal |  Espen Selvik underheldt mellom anna med slangeblåsing med roterande tut.
|
vere elevar ved den flottaste skulen i Hordaland, sa opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. Ikkje mange som får oppleve – Det er ei stor hending å starte på eit nytt skuleår, men enno større i tillegg å byrje på ein ny skule og med ein nye reform. Det er ikkje mange som får oppleve det, sa rektor Berit Østerbø Brekke. Under opningsseremonien i idrettshallen underheldt elevar ved Fyllingsdalen videregående skole med dans og song, Espen |  Permittert rektor ved Olsvikåsen videregående skole og statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Åge Rosnes, blir teken i mot av vikarierande rektor Berit Østerbø Brekke.
|
Selvik med diverse blåseinstrument, og skodespelaren Helge Jordal. Etterpå var det servering og omvising. 60 tilsette, 460 elevar Olsvikåsen videregående skole skal fullt utbygd ha 60 tilsette og 460 elevar. Dette første året får skulen om lag 40 tilsette og i underkant av 300 elevar, delt på tre studieretningar: Allmenne, økonomiske og administrative fag, helse- og sosialfag, og formgjevingsfag. Helse- og sosialfag, og formgjevingsfag er overført frå Laksevåg videregående skule. |  – Scena må bli eit par meter større, demonstrerte skodespelar Helge Jordal for eigedomssjef Helge Haavardtun.
|

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (f.v.), opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, rektor Berit Østerbø Brekke og skodespelar Helge Jordal deltok under den høgtidelege opningsseremonien.
Idrettshall
Skulen har eigen idrettshall på totalt 1000 kvadratmeter, inkludert scene og garderobe. Kantina er bygd som bru mellom idrettshallen og resten av skulen. På skuleplassen er det bygt eigen breakdancescene med tilhøyrande tribune. På nordsida av idrettshallen ligg idrettsplassen.
Skulen får eige parkeringshus til 80 bilar, plassert i det nord-austre hjørnet ved administrasjonsfløya.

Rektor Berit Østerbø Brekke takka alle som har hjelpt til og spesielt Eystein Vennesland som har vore ”coach” for ho i byggjeprosessen.