Olsvikåsen videregående skole er den første nybygde vidaregåande skulen i Hordaland på 30. år. Skulen har ein prislapp på 133,5 millionar kroner og eit bruttoareal på 7000 kvadratmeter. Olsvikåsen er ein moderne skule med mellom anna eigen scene for brea
Torsdag 17. august kl. 13.00 skal fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg offisielt opne skulen, mens mellom anna Helge Jordal skal stå for underhaldninga, i tillegg til skulens eigne elevar.
Ny struktur
Arbeidet med å sluttføre Olsvikåsen videregående skole har dei siste dagane vore i ein hektisk sluttfase.
– Det er ein flott og moderne skule vi tek i bruk. Dei tilsette er ei engasjert og samansett gruppe i alder og kompetanse. Vi skal få god kvalitet på undervisinga. Det blir ei utfordring med både ny skule og ny struktur. Alle elevar og lærarar skal ha eigen berbar pc, og vi har videokanon i alle klasserom, fortel rektor Berit Østerbø Brekke.
60 tilsette, 460 elevar
Olsvikåsen videregående skole skal fullt utbygd ha 60 tilsette og 460 elevar. Dette første året får skulen om lag 40 tilsette og i underkant av 300 elevar, delt på tre studieretningar: Allmenne, økonomiske og administrative fag, helse- og sosialfag, og formgjevingsfag. Helse- og sosialfag er overført frå Laksevåg videregående skule.
Idrettshall
Skulen får eigen idrettshall på totalt 1000 kvadratmeter, inkludert scene og garderobe. Kantina er bygd som bru mellom idrettshallen og resten av skulen. På skuleplassen er det bygt eigen breakdancescene med tilhøyrande tribune. På nordsida av idrettshallen ligg idrettsplassen.
Skulen får eige parkeringshus til 80 bilar, plassert i det nord-austre hjørnet ved administrasjonsfløya.