Nei til torskefiske med landsdelskvoter

Fylkesutvalet i Hordaland er negativ til innføring av kvoter med landsdelsprofil for fisket etter torsk. I år er det bestemt at 1,64 prosent av torskekvoten skal gå til Nordland, Troms og Finnmark. Dette utgjer ein førstehandsverdi på 45 millionar kroner.

Vedtaket er gjort mot fem røyster, tre frå Arbeidarpartiet og to frå SV. Fylkesutvalet er negativ til innføring av kvotar med landsdelsprofil fordi utvalet går inn for å auke verdiskapinga og sysselsettingseffekten av tilgjengelege fiskeressursar i Hordaland.
Fylkesutvalet er uroa for konkurransesituasjonen og tilhøvet til fiskemottak som i dag driv effektivt på kommersiell basis i fylket. Ved eventuell vidareføring og opptrapping av ordninga ønskjer fylkesutvalet at næringsvake regionar blir tilgodesett uavhengig av landsdel. Fylkeskommunen må i så fall ha ei sentral rolle i utforminga av ordninga i kraft av rolla som regional utviklingsaktør med høg kompetanse på næringsutvikling og verkemiddelbruk.

Mette Holmefjord Olsen, SV, fremja forslag om å vurdere andre modellar for torskefisket. Dette fekk dei to røystene til SV.

Gisle Handeland, A, fremja forslag som i hovudsak støtte forslaget om distriktskvoteordning. Dette fekk fem røyster, A og SV.

Bjarte Brask Eriksen 24.08.2006 14:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart