Kystsogevekene 2006 – frå 12. august til 17. september

Kystsogevekene i år vert opna i Fjell, på Fjell festning, laurdag 12. august klokka 12. I år er Fjell kommune vertskap for opninga.

Sjølve opningshøgtida vil vera på Fjell festning, det sterkaste festningsverket i Nord-Europa under 2. verdskrig. Frå toppen av festningsanlegget får vi vidt utsyn over hav og Fjell. Fylkesmann i Oslo og Akershus Hans J. Røsjorde står for den høgtidelege opninga. Bergen Operakor vil syngja, og kanonbrønnen - ein del av festningsanlegget er ope for publikum.

Stiftinga Kystsogevekene organiserer Kystsogevekene. Stiftinga er ei ikkje næringsdrivande stifting, med føremål å stimulera og verka som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 20 kystkommunar i Hordaland og Gulen, Hordaland fylkeskommune og Hordaland Reiseliv.

Sjå heimesida for Kystsogevekene: programmet for opningsdagen, program for Kystsogevekene, informasjon om Stiftinga Kystsogevekene og annan informasjon

Eli Lothe 10.08.2006 08:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart