HSD og BNR får drive lokalbåtruter

Hordaland fylkeskommune har tildelt Bergen Nordhordland Rutelag (BNR) drifta av båtruta til Hernar frå 1. januar 2007 og fram til 31. desember 2011. Ruta mellom Eidesvik og Espevær er tildelt HSD Sjø AS.

Fylkesrådmannen vil inngå kontrakt med fylgjande selskap om drift av lokalbåtruter frå 1. januar 2007:

Hernar
Lokalrute Hellesøy, Lyngøy, Hernar, Sanden og Nordøysund. Oppdraget blir gitt til: Bergen Nordhordland Rutelag

Espevær
Lokalrute Espevær-Eidesvik. Oppdraget blir gitt til: HSD Sjø AS

Tildelingskriterium
Fylkesrådmannen har vurdert anbydarane i høve til ei rekkje tildelingskriterium som var med i anbodsgrunnlaget: Pris i driftsperioden og ved forlenga  driftsperiode, fartøy, evne til å levera, pris for auke eller reduksjon i ruteproduksjonen og tryggleik og kvalitetssikring.Evalueringa av anboda har vist at det er noko skilnad anbydarane i mellom med omsyn til evalueringskriteria som omhandlar kvalitative vurderingar.

Pris vesentleg
Pris har vore vesentleg for val av leverandør, men fylkesrådmannen  presiserer at det er lagt ei totalvurdering til grunn med omsyn til kva anbod som er det økonomisk mest fordelaktige for fylkeskommunen. Ved tildelinga på desse to lokalrutene er det anbydaren med lågast pris som er valt. Når det gjeld ruta til  Espevær, så vart eitt anbod avvist.

Femårsperiode
Driftsperioden anboda gjeld for er fem år frå 1. januar 2007, det vil seia til utgangen av 2011. Avtalane gjev også fylkeskommunen høve til å lengja avtalane med to år ut over dette. Samla kontraktsum for femårsperioden vert på vel 32 millionar kroner.

Bjarte Brask Eriksen 30.08.2006 12:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart