Fylkesordførarane samlast i Hordaland

Fylkesordførarar og fylkesrådsleiarar frå heile landet samlast til årets sommarmøte i Bergen og Hordaland 7.-10. august. Måndag og tysdag vert det fagleg samling med drøfting av aktuelle politiske saker som regionreforma og fylkeskommunane si rolle som sk

Fylkesordførarane sitt sommarmøte er ein årviss tradisjon og går på rundgang mellom fylka. I år er det Hordaland sin tur. Møtet vert gjennomført i samarbeid mellom KS og fylkeskommunen.

Fire hovudtema
Fire hovudtema står på dagsorden.

Forvaltingsreforma
1. Forvaltningsreforma. Regjeringa legg i haust fram Stortingsmelding om reforma. Sommarmøtet tek utgangspunkt i den aktuelle situasjonen, og fokuserer på utfordringar for framtidas regionar. KS leiar Halvdan Skar og stortingsrepresetnant Tore Hagebakken har innleiingar.

Partnarskap
2. Samspel og partnarskap mellom styresmakter, næringsliv og universitet/høgskule er eit viktig grunnlag for innovasjon og verdiskaping. Med Vestlandet som utgangspunkt vert det sett fokus på dei ulike aktørane si rolle i dette «Triple Helix»-partnarskapet. Mellom innleiarane er styreleiar Pål Lorentzen i Sparebanken Vest, universitetsdirektør Kåre Rommetveit og leiar i KS Hordaland, ordførar Mange Rommetveit frå Stord.

Dei vidaregåande skulane er viktige for fylkeskommunane. Biletet viser den nye Olsvikåsen vgs som vert teken i bruk 16. august.

Dei vidaregåande skulane er viktige for fylkeskommunane. Biletet viser den nye Olsvikåsen vgs som vert teken i bruk 16. august. (Foto: Stanley Hauge.)

Rolla som skuleeigar
3. Rolla som skuleeigar er viktig for fylkeskommunane både når det gjeld kunnskapsutviklinga og som forhandlingspart overfor lærarane. Opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Svein-Erik Fjeld, og kollegaen hans i Rogaland, Magne Nesvik, innleier.

Inspirasjon frå Sverige
4. Västra Götalandsregionen vert ofte nemnt som inspirasjonskjelde i den norske regiondebatten. Den første direktøren i regionen, Jan Åke Bjørklund, bidrar med erfaringar og refleksjonar som inspirasjon på vegen fram mot sterke folkestyrte regionar i Noreg.

«Hordaland i dag»
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ser fram til å få vist kollegaer frå heile landet kva Hordaland har å by på, og fortelja om den aktuelle situasjonen og framtidsutsiktene i fylket. Det skjer på ein rundtur som startar tysdag kveld på Sotra. Her står oljebasen Ågotnes, den gamle handelsstaden Glesvær og Nordsjøfartmuseet på programmet.

Onsdag går turen til Hardanger, via Os og Rosendal. Baroniet i Rosendal skal vitjast før turen går til omstillingskommunen Odda. Norsk vasskraft- og industristadmuseum i Tyssdal får besøk.

Torsdag går turen til Eidfjord og Kjeåsen, vidare til Norheimsund og Hardange fartøyvernsenter.


Vedlegg:
Program for samling i Bergen 7.-8. august (rtf-fil)
Program for Hordalandsrundtur (rtf-fil)

Stanley Hauge 04.08.2006 09:34
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart