Fire kommunar ut på tur i Hordaland

Fire kommunar i Hordaland, som har tettstadsprosjekt på gang, reiser på studietur til Hardanger og Voss tysdag 22. og onsdag 23. august. Formålet er å sjå tettstadsprosjekt som anten er fullført eller undervegs i realiseringa.

På Voss blir det synfaring i Vangsgata og på torget.
På Voss blir det synfaring i Vangsgata og på torget.

Nyttige erfaringar og frisk meiningsutveksling undervegs vil venteleg bli eit godt fundament for deltakarane når dei etterpå skal halde fram sine eigne prosjekt i Jondal, Samnanger, Radøy og Austrheim. Tanken med slike studieturar er også at kommunane på denne måten blir kjende med kvarandre sitt arbeid og slik lagar eit nettverk for samarbeid.

Det er meldt på 25 deltakarar, både frå administrasjonen, politikarar og næringsdrivande. Arrangør for turen er Arbeidslag for lokalsamfunnsutvikling i Hordaland fylkeskommune, med Kari Øvsthus som fagleg koordinator og reiseleiar. Torbjørg Austrud blir med som guide for Statens vegvesen sine prosjekt på turen.

Program for turen (pdf-fil)

Rosendal er ein av tettstadene som står på programmet, her frå eit tidlegare karneval.
Rosendal er ein av tettstadene som står på programmet, her frå eit tidlegare karneval.

22.08.2006 11:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart