Startar i Norheimsund
Norheimsund vert første stopp. Her skal kultursjef Agnar Høysæter fortelja om kvifor kommune satsar på å utvikla Norheimsund. Borghild Storaas Ones i Storaas Norheimsund as skal fortelja om korleis dei som driv næring i tettstaden ser på prosjektet som er gjennomført.
Rosendal
I Rosendal skal ein sjå på Prosjekt Skålagato og arbeidet med Rosendal sentrum og Skålafjøra – utvikling av nytt naboskap i kontakt med fjorden.
Odda og Eidfjord
Torget og kaifronten i Odda er først post på programmet 23. august. Deretter går turen via Kinsarvik til Eidfjord der ein skal sjå på miljøgata, cruisekaien og vegnett for mjuke trafikkantar.
Ulvik og Voss
Etter synfaring i Ulvik sentrum går turen til Voss der ein skal sjå på miljøgateprosjektet Vossevangen med synfaring i Vangsgata og på torget.
Miljøgateprosjektet på Vossevangen.
Avsluttar på Utne
På veg frå Voss til Utne passerer delegasjonen den nye miljøgata i Granvin og ny rasteplass på Lussand. På Utne er det kaifrontprosjektet som skal gje inspirasjon.
Heim til eigne prosjekt
Nyttige erfaringar og frisk meiningsutveksling under vegs vil venteleg verta eit godt fundament for deltakarane når dei etterpå skal fortsetja sine eigne prosjekt i Jondal, Samnanger, Radøy og Lindås.
Arrangør for turen er fylkeskommunen sitt Arbeidslag for Lokalsamfunnsutvikling, med Kari Øvsthus som fagleg koordinator og reiseleiar.
Program for studieturen (rft-fil)