Eineståande golflinje opna i Sveio

– Dette er ei stor hending. Sveio har den einaste kommunalt eigde golfbanen i landet og no blir det eit offentleg vidaregåande skuletilbod med vekt på golf. Dette er eineståande i landet, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna golflinja i Sv

Elevane ved den nye golflinja i Sveio har slått sine første slag: Øystein Apeland, Sveio, (f.v.), Ine Buvik, Bergen og Espen Thomassen, Stavanger. (foto: Kjell Strand, Haugesunds Avis)
Elevane ved den nye golflinja i Sveio har slått sine første slag: Øystein Apeland, Sveio, (f.v.), Ine Buvik, Bergen og Espen Thomassen, Stavanger. (foto: Kjell Strand, Haugesunds Avis)

15 elevar frå heile Sør-Noreg har byrja på det første vidaregåande tilbodet i Sveio. Linja er filial under Stord vidaregåande skule. Elevane bur i eit nybygd internat like ved golfbana. To dagar i veka reiser elevane til Stord for å følgje undervisinga der, men dei andre tre dagane får dei undervising på golfbana og i undervisingslokale i 2. etasje til klubbhuset til Haugaland golfklubb.

Kjempetilbod
Elevane er frå Skien, Kristiansand, Os, Stavanger, Haugesund, Bergen og Sveio.
Øystein Apeland bur berre eit kvarters gåavstand frå bana. Han har spela golf i sju år og er glad for å få eit slikt tilbod i heimkommunen.
– Eit kjempetilbod. Det er kjempetøft og spennande. Herleg å kunne spele golf i skuletida, seier Apeland til Haugesunds Avis.

Skal bli proff
Morten Hermansen frå Bergen er ein racer i simulatorgolf, men har spilla på golfbane berre to gonger.
– Eg har tenkt å bli golfproff. Alle seier eg er god, så eg satsar på å bli proff, seier Hermansen til avisa Vestavind.
Einaste jente av dei 15 elevane er Ine Buvik frå Stavanger.
– Dette blir nok kjempegøy og utfordrande. Målet er å få øvd såpass mykje at eg kan bli golfproff i utlandet på lin linke med Suzann Pettersen, seier Buvik til Haugesunds Avis.

Svært vellukka
Fylkesordføraren sa i opningstalen at det regionale utviklingsprosjektet med å realisere golflinja har vore svært vellukka.
– Eg vil spesielt takka Sveio kommune for velviljen dei har synt overfor fylkeskommunen i dette prosjektet.  Dei har lagt godt til rette for trening på golfbanen, der elevane kan trena gratis både i skule- og fritid.  I tillegg har dei ordna med gode butilbod for elevane og undervisningslokale. Også Stord vidaregåande skule har vist stor interesse og velvilje til tilbodet.  Dei har teke utfordringa og lagt ned mykje arbeid så langt, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Les reportasje om golflinja i Haugesunds Avis

Bjarte Brask Eriksen 21.08.2006 14:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart