
Dei to elevane Rebekka Thormodsæter (t.v.) og Sissal I. Hoyvik skal konkurrere i fire tema med frisørelevar frå heile verda.
Årleg samling
Saman med lærarane Ingrid Skorpen og Janne Kleppe reiser elevane til byen Daego sør for hovudstaden Seoul. Der blir den årlege samlinga til den verdsomspennande organisasjonen for frisørskular IAHS (International Association of Hairdressing Schools) skipa til. Med i organisasjonen er skular frå mellom anna Noreg, Sverige, Finland, Island, Danmark, England, Hellas og Sør-Korea.
Universitet med 5000 studentar
- Vi har eit årleg treff. I fjor var treffet hos oss på Stord med 72 elevar og lærarar. På treffet i Sør-Korea blir vi 32 lærarar og elevar frå Europa. Arrangør er eit stort universitet med 5000 studentar som og har invitert deltakarar frå Japan, Taiwan og andre asiatiske land, fortel Ingrid Skorpen som sit i styret for organisasjonen og som har vore med å planleggje det årlege treffet.
Høgdepunktet
På treffet skal elevane konkurrere i fire klassar. To av konkurransane går ut på å setje opp langt hår anten som fantasy eller klassisk oppsetjing. I tillegg skal deltakarane utføre herreklipp, men høgdepunktet, fortel Skorpen, blir lagkonkurransen der deltakarane samlast på tvers av landegrensene.
- Kvart lag har ein deltakarar frå kvart land der elevane skal bruke klede, sminke og utstyr og framføre eit tema på scene. Frisørskulane har høgt nivå, og det blir hard konkurranse. Deltakarane frå Danmark har gått fire år på skule, mens våre elevar har frisørutdanning berre frå dette skuleåret, seier Skorpen.
Beste skule i landet i herreklipp
Men dei to deltakarane frå Stord vidaregåande skule har alt markert seg innan faget. I noregsmeisterskapen for frisørelevar, Pivot Point Cup, tok Sissal I. Hoyvik 1. plass og Rebekka Thormodsæter 5. plass i klassen herreklipp, og skulen på Stord vart beste skule innan herreklipp.
- Eg gler meg og er svært spent, seier Rebekka som hadde lyst å delta og reise til Sør-Korea då ho høyrde om konkurransen.
- Det er kjempegøy å få vere med. Nivået på deltakarane er høgt, og eg vil lære mykje. Sjølv trur eg at eg gjer det best i herreklipp. Det er der eg kjenner meg tryggast.
Frisørlinja er eitt år. Dei må først ha gått eitt år på grunnkurs. Etter desse to åra på vidaregåande skule, kan elevane gå i frisørlære.
- Eg har søkt om læreplass i Stavanger og Bergen og har fått tilbod om læreplass i Stavanger. Men eg avventar svar på dei andre søknadene, så eg får sjå kva det blir til, seier Rebekka
Regjerande noregsmeister
Sissal I. Hoyvik er opphavleg frå Færøyane, men bur på Bømlo. Ho har og planane klare for framtida.
- Planen er å gå i lære i Stavanger eller Bergen. Eg har vore på intervju i Stavanger og vil gå i lære på ein større plass fordi eg likar å delta i frisørkonkurransar, seier den regjerande noregsmeisteren i herreklipp for frisørelevar.
- Eg skal bli både dame- og herrefrisør, men eg skal ikkje bli frisør på Bømlo, for der er det nok frisørar. I Sør-Korea trur eg at eg kjem eg til å gjere det betre i herreklipp enn oppsetjing.
Det er kjempespennande å reise til eit land eg truleg aldri kjem til å reise til igjen, seier Sissal.
Dei to elevane må dekkje reisekostnadene sjølve, 10.000 kroner kvar. Ingrid Skorpen får dekka sine kostnader av IAHS sidan ho er med i styret, mens skulen dekkjer kostnadene for den andre læraren.
Stord vidaregåande skule har i år to klassar med i alt 24 elevar på frisørlinja, VK1.

Lærarane Ingrid Skorpen (t.v.) og Janne Kleppe (t.h.) og elevane Sissal I. Hoyvik og Rebekka Thormodsæter reiser til Sør-Korea for å delta i eit internasjonalt treff for frisørskular.