
President Carlo Petrini (t.h.) blir servert vikingpizza av den kjende mateksperten Astri Riddervold. Til venstre fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og kokk Jan Aksnes ved Fitjar vidaregåande skule. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Fremje matkultur
Slow Food er ein velkjend internasjonal rørsle som arbeider for å fremje matkultur og det sakte, gode livet, som ein slags motkultur til ”fast food”. Dette er første gongen presidenten er i Noreg. Han skal mellom anna få opplevingar og inntrykk av norsk mat og matkultur og drøfte korleis desse kan takast vare på og brukast i framtida.
Geitost er blitt verdsarv
Presidenten med følgje kjem til Oslo 30. april og reiser med toget til Flåm om ettermiddagen. Neste morgon, 1. mai, reiser han til Undredal for å få informasjon og smake på den lokale geitosten som er det første matproduktet frå Noreg som er godkjent av Slow Food som verdsarv og dermed har fått status som såkalla presidium.
Om ettermiddagen reiser det internasjonale følgjet med snøggbåt til Lygra for omvising på Lyngheissenteret og orientering om villsauen. Etterpå blir det servert villsaumiddag. Det blir arbeidt for at villsauen kjem inn på verdsarvlista.
Bryggen, Troldhaugen og Fløyen
2. mai er avsett til Bergen med seminar på Universitet der rektor, fylkesordførar og fylkesmann tek imot presidenten. Deretter omvising på Bryggen, Troldhaugen og Fløyen. Om kvelden inviterer fylkesordføraren til middag.
3. mai reiser følgjet til Ålesund for omvising på Runde og så til Herøy der fiskebedrifta Njardar er etablert. Dei produserer røykjesild som er det andre norske matproduktet som er godkjent som verdsarv.
4. mai er presidenten med følgje tilbake i Oslo for møte med Landbruksdepartementet.
5. mai blir vitjinga avslutta hos Arcus der akevitt står i høgsetet.
Slow Food sine lokallag
Noregsreisa er utvikla i fellesskap mellom Slow Food sine lokallag i Noreg, Slow Food sine presidiebedrifter, lokale og regionale styresmakter, reiselivsorganisasjonar og næringsaktørar langs heile reiseruta.
Italiensk media deltek på turen for å skrive om norsk matkultur, natur- og reiselivsopplevingar.
Detaljert program for president Carlo Petrini i Noreg (word)
Program for vitjinga på Universitetet i Bergen (word)
Fleire opplysingar om dei norske produkta som er godkjent som verdsarv (word)