Lågare vekst enn venta i søkjartalet til vidaregåande skule

Søkjartalet til dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune viser seg å vera noko lågare enn det som var lagt til grunn ved oppretting av nye klassar frå hausten 2006-07. I samband med justeringa av klassetilbodet ut frå prognoseinntaket, vert di

18155 søkjarar
Til skuleåret 2006-07 har det totalt meldt seg 17828 søkjarar frå Hordaland og 323 frå andre fylke – til saman 18155. Dette er ein auke på 467 samanlikna med 2005. I følgje prognosen for elevvekst var det venta ein auke i høve til 2005 på 678 elevar.
 I saksutgreiinga gjer fylkesrådmannen merksam på at i saka om ny struktur vart det oppretta fleire klassar enn naudsynt ut frå elevtalet. Dette vart gjort fordi ein var usikker på søkjarmønsteret i den nye strukturen.

Innsparing på 4,6 millionar kroner
Reduksjonen i talet på elevplassar vil gje fylkeskommunen innsparinga for hausthalvåret 2006 i høve til budsjettet på 4,6 mill. kr. Men dersom det vert fleire elevar i friskulane vil det føra til eit trekk i rammetilskotet til fylkeskommunen som kan motverka ein del av denne innsparinga.

Atterhald om nye justeringar
Med dei justeringar som no er vedtekne, reknar fylkeskommunen med at trongen for elevplassar langt på veg vil vera oppfylt for komande skuleår, og at dei aktuelle klassane vil vere rimeleg godt fylte opp.
 Det vert likevel teke atterhald om at det må gjerast nye justeringar til sommaren når dei offisielle søkjartala er klåre, og når vi ser om søkjarane tek imot plassane. Det siste er særleg usikkert i høve til at ein del søkjarar truleg har søkt både dei fylkeskommunale skulane og friskulane. Dette kan føre til reduksjon i klassetalet for fylkeskommunen, særleg innanfor Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram. I tillegg er det litt uvisse om nokre VKI klassar (gamal struktur) på grunn av at ein del søkjarar ikkje greier kompetansegjevande grunnkurs til sommaren.

Prøveinntak
Eventuelle nye justeringar av klassetalet vil skje etter prøveinntaket i byrjinga av juli og etter 2. og 3. inntaksomgang i august.
 Mette Holmefjord Olsen (SV) sette på vegner av SV og Ap fram forslag om det skal vera 3 klassar VG1 studiespesialisering ved Øystese gymnas og at det skal opprettast 1 klasse VG1 landbruk og naturforvaltning ved Stend jordbruksskule. Forslaget fekk seks røyster (SV, Ap og V) og fall.

Stanley Hauge 26.04.2006 12:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart