Krev grundigare trafikkutgreiingar før IKEA-utbygging på Nyborg

Framlegg til planprogram for konsekvensutgreiinga for reguleringsplan for IKEA-utbygging på Nyborg i Bergen er for lite konkret når det gjeld kva trafikkløysingar som skal utgreiast. Utgreiinga bør innehalda alternative løysingar som på kvar sin måte tilg

Omsyn til kulturminne og kulturlandskap og utforming av anlegget på ein måte som harmonerer med lokal identitet, må vera ein sentral del av utgreiinga, heiter det i fråsegna som vart samrøystes vedteken.

Gode trafikkløysingar
I saksutgreiinga frå fylkesrådmannen heiter det: «Det blir ei utfordring å finna gode trafikkløysingar for alle trafikantgrupper i området ved krysset/rundkøyringa på Nyborg. Kollektivtrafikken gjennom Åsane har trong for eit godt omstigingspunkt i Nyborgområdet, både for lokale og regionale ruter, og vi vil særleg peike på at konsekvensutgreiinga og reguleringsplanen må ta omsyn til trongen for areal til dette formålet. Kollektivtrafikken er også avhengig av å ha effektiv tilknyting til det gjennomgåande hovudvegnettet og unngå å bli seinka av omvegar til haldeplassar og trafikk som står i kø i nærleiken av parkeringsanlegg for store kjøpesenter.»

Åsane gamle kyrkje
I saksutgreiinga vert det også peika på at «Planområdet ligg mindre enn 300 meter frå Åsane gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå 1795 som er listeført av Riksantikvaren. Dei listeførte kyrkjene er rekna som særskilt verneverdige. Planområdet utgjer dessutan innfallsporten til eit større kulturlandskap av høg verdi, og Den Trondhjemske Postvei går like i nærleiken, også eit stykke i plangrensa. Det er difor naudsynt å greia ut konsekvensane av tiltaket med omsyn til kulturminne og kulturmiljø.»

Stanley Hauge 01.04.2006 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart