
På ein stor stand på den internasjonale fiskeri- og akvakulturmessa presenterte Hordaland seg med Inge Døskeland, Jannicke Haugan Vikse, fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og Siri Hanson.
Kasta glans
Den fungerande fylkesordføraren i Hordaland og ordførar Herman Friele i Bergen kasta glans over den første marine messe i sitt slag i Bergen, og som etter planen skal gå av stabelen annakvart år framover i vestlandsbyen. Messa samlar over 170 utstillarar frå fem land.
Imponert
I opningstalen la Nilsen vekt på kor stor Hordaland er innan havbruk, at dette arrangementet er svært viktig og at det er ei stor glede for han å opne messa. Hordaland er det viktigaste oppdrettsfylket i landet, og det er godt samarbeid mellom fylkeskommunen, bedrifter, organisasjonar og forskingsmiljø.
Nilsen er og imponert over korleis Hordaland fylkeskommune profilerer seg på messa.
- Dette er ein av dei beste merkevarebygginga av Hordaland fylkeskommune eg har sett på lenge, seier fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.
Spennande sjømat
På ein felles stand på messa presenterte ”Det marine Hordaland” seg. ”Det marine Hordaland” er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Fiskeriforum Vest. På standen presenterer næringsliv og FOU-bedrifter i Hordaland seg og det blir servert spennande sjømat dei tre dagane messa varer, laga til av kokker frå Hotell Neptun.
Fagleg program
Dei to første dagane er det i tillegg eit fagleg program som mellom anna omfattar nye oppdrettartar og marknad, laksefjordar, reinsing av fiskefôr, klimaendringar og turistfiske.
Meir informasjon om ”Det marine Hordaland”
Meir informasjon om messa